Ønsker du å bli medlem på Kvakk.no? For å hindre spam i forumet krever vi nå at du har en invitasjonskode for å registrere deg som medlem. For å få tilsendt en invitasjonskode, send en e-post til olafmoriarty krøllalfa gmail punktum com eller krice krøllalfa kvakk punktum no, og vi vil invitere deg så raskt vi kan.

Kult eller kjipt?

edited June 2004 in Donaldisme

Eg har faktisk ikkje lagt merke til det før no, men... "Kult eller kjipt" er borte, jo!

Nokon som har fått med seg kor lenge det har vore borte (når stod siste "Kult eller kjipt" på trykk?)

Kva synest folk om denne forandringa?

Comments

  • edited November -1

    Olaf Solstrand skreiv:

    Kva synest folk om denne forandringa?

    Kjempebra! Håpar berre dei tar vekk alt det andre tullet, men det skal vi ikkje diskutere i denne tråden.

  • edited November -1

    Ei side som stod i omtrent kvart tredje donaldblad, der du fekk presentert ei meiningsmåling, til dømes kva som er den beste fastfooden, med reklame for å gå inn på donald.no, der du kunne stemme. Ei stund seinare blei resultatet presentert i bladet.

    I neste veke får vi noko så sjeldant som Gatepatruljen med eit donaldistisk spørsmål (men det er faktisk ikkje første gong), og det kan verke som om Svinesen har fått ein fallskjerm, så... Ting har endra seg.

  • edited November -1

    Men nå har jo "Dette lurer jeg på" begynt å ligne på Svinesen... Og jeg mener bestemt å ha sett spørsmålet om Anton er en gås hos Svinesen en gang tidligere med akkurat det samme svaret...

  • edited November -1

    Det du snakkar om, er ikkje "Dette lurer jeg på", men "Hva lurer du på?" med Tuppen Bak, eit heilt nytt innslag. Som eg synest var mykje betre enn Svinesen, alle fekk jo trass alt eit seriøst svar.

  • edited November -1

    Sølve skreiv:

    Det du snakkar om, er ikkje "Dette lurer jeg på", men "Hva lurer du på?" med Tuppen Bak, eit heilt nytt innslag. Som eg synest var mykje betre enn Svinesen, alle fekk jo trass alt eit seriøst svar.

    Tuppen Bak var i mine auge eit veldig irriterande bidrag til bladet som ikkje gjorde noko som helst positivt. Dette var Svinesen light, og det likar eg ikkje. Svinesen er Svinesen, dette er Svinesen light. Det er ikkje like gøy når det ikkje er så ekstremt som Svinesen var.

    Og ... "seriøse svar"? Det har aldri vore hensikten med Svinesen å gi seriøse svar. Folk som vil ha seriøse svar bør ikkje stille Svinesen spørsmål, for Svinesen har aldri prøvd å gi seriøse svar.

    Svinesen var eit humorinnslag. Ein kan sjølv velja om ein synest at han var morsom eller ikkje, men å kombinere Svinesen-konseptet med "dette lurer jeg på", trur eg umogleg at kan føre til noko positivt.

    Å kutte Svinesen til fordel for Tuppen Bak er eit val eg synest at burde ha vore unngått.

  • edited November -1

    Jeg har aldri lagt merke til det, før jeg leste det innlegget. SYnes det er bra det er tatt bort. Håper de tar Gatepatruljen også vekk snart.

  • edited November -1

    Det er tåpelig at de lager det samme bare å skifte navn. Det er sikkert den samme som svarer på begge.

Sign In or Register to comment.

Hei sveis! Ja, her ser du meg! Er du ikke glad for å treffe meg?

Det ser ut som om du er ny her. Om du vil kome i gong, trykk på ein av desse knappane!

Har du lest forumreglane?