Som jeg allerede har skrevet på AO-nyhetene så inneholder ukas Donald Duck & Co ikke mindre enn to historier hvor nordmenn har bidratt. Både Arild Midthun som er på plass med ny historie og Håkon Aasnes med et opptrykk fra 1979 er representert!
Det ser ut som om du er ny her. Om du vil kome i gong, trykk på ein av desse knappane!
Comments
Apropos Noreg i Donald, Arild Midthun er intervjua av NRK i samband med at teikneseriar selger meir enn aldri før (og Donald sel aller mest), og på spørsmål om kva som skjer i framtida i Donald, svarer Midthun:
Dette utsagnet er nok meir PR-stunt enn noko anna (det er jo allereie rundt halvparten, eller kanskje meir, av alle Egmont-forfattarane som *er* nordiske jo! Er det verkeleg alt for lite?), men ein får vel ønskje Donald-miljøet i Noreg lykke til med dei måla dei har for auget. Sjølv om eg er ganske ueinig når
Det ein nesten kan få inntrykk av at Midthun seier her, er at dersom vi berre får fleire nordmenn til å skrive Donald, vil kvaliteten fyke rett opp på Barks-nivå igjen. Eg går sjølvsagt ut frå at det er eg som feiltolker og at det ikkje er det han faktisk meiner.
Olaf Moriarty Solstrand skreiv:
Jeg tror de fleste her vil være enige med meg i at vi vil se mer av dine, Nils Petters og Tommys historier i stedet for dusinvare fra kjedelige A4-forfattere som f.eks. Paul Halas :-)
Eg er iallfall sterkt ueinig. Paul Halas ein kjedelig A4-forfatter??? Høyrd på makan!
Og utan at dette er meint som kritikk til Tommy: Sigvald, vi har vel ikkje sett ei einaste av historiene hans enno, så korleis veit du at historiene hans ikkje er kjedelig dusinvare? Korleis veit du at dei 78 % av mine historier som du ikkje har lest, ikkje er kjedelig dusinvare? Eg kan ikkje snakke for verken Nils Petter eller Tommy, men *mine* historier er ikkje så gode som du skal ha det til, og eg trur at 99 % av all rosen du gir historiene mine er basert utelukkande på at du veit kven eg er. I realiteten er historiene mine, vel, det blir kanskje ikkje dekkjande å bruke ordet «kjedelige», men vit at Paul Halas er ein av mange fantastiske forfattarar som eg anstrenger meg på det sterkaste for å *prøve* å *kanskje* bli like god som ein dag, og eg har svært langt igjen før eg kjem så langt.
Paul Halas må vel nesten kunne kallast manusforfattaranes svar på Vicar? Kor mange historier er det han har levert manus eller idear til no, tar eg feil i at det er godt over tusen? Trur at dersom dei beste av desse historiene blei samla i ei Hall of Fame-bok, hadde vi så absolutt fått sett at dei på ingen måte er kjedelig A4-vare!
Donald troner på tegneserietoppen
Se på teksten under bilde av Carl Barks. Der står det at han døde i august 1996, men strengt tatt var det vell fire år senere.