Ønsker du å bli medlem på Kvakk.no? For å hindre spam i forumet krever vi nå at du har en invitasjonskode for å registrere deg som medlem. For å få tilsendt en invitasjonskode, send en e-post til olafmoriarty krøllalfa gmail punktum com eller krice krøllalfa kvakk punktum no, og vi vil invitere deg så raskt vi kan.

Andeby etter Skrue

145791016

Comments

  • edited November -1

    Olaf Solstrand skreiv:

    Loke Aesir skreiv:

    Og det gjorde du kjempefint, bortsett frå at eg kanskje småreagerer på at me skal introdusere ein heilt ny karakter til noko så sentralt som Donalds kone. Ja, er klar over at det er det mest **realistiske,** men føler likevel at me burde kunne finne ein passande bikarakter til den rollen...

    Vel. Minni har nettopp blitt singel. Vi har sannsynlegvis kome så langt i Svarte-Petters utvikling at Petra nettopp har blitt singel. Og Paperetta har vel rukke å bli vaksen. Det er dei einaste eg kan tenke meg som er passe aktuelle..

    Hihi, Minni hadde vore tøft, men litt urealistisk. Petra er vel endå mindre sannsynleg, innser det... Paperetta går nok, sjølv om ein ny karakter nok er betre. Så ok, ein ny karakter. :-)

  • edited November -1

    Loke Aesir skreiv:

    Hihi, Minni hadde vore tøft, men litt urealistisk. Petra er vel endå mindre sannsynleg, innser det... Paperetta går nok, sjølv om ein ny karakter nok er betre. Så ok, ein ny karakter. :-)

    Kva med Pia frå "Donald Rakker-Duck"?

    Har lese særs lite Rakker-Duck, men det lyder absolutt bra!

  • edited November -1

    Så korleis ser tidslinja vår ut no? Forsøk på å oppsummere.

    **1930-talet:**
    Donald Rakker-Duck.

    **Tidleg** **på** **1950-talet:**
    * Dei Disney-seriane som står på trykk i vekebladet, finner stad.

    **Slutten** **av** **1950-talet:**
    * Quack Pack.

    * Langbein møter ei jente som han flørter litt med, men det tar brått slutt då ho flytter til den andre sida av landet. Ingen av dei veit at ho har blitt gravid. Langbein lover å ringe ho, men mister telefonnummeret. Når han ikkje tar kontakt med ho, trur ho at han har gått vidare i livet, og ho bestemmer seg difor for å oppdra bornet på eiga hand.

    * Svarte-Petter har ei affære med Peggy. Peggy, som ikkje er kriminell sjølv, trur at Petter er seriøs og ute etter kjærleik, men når ho blir gravid, stikker han av.

    **31.** **desember** **1966:**
    * Andeby og Museby blir slått saman til ein by, sånn i tilfelle nokon skulle ha lyst til å skrive ein fanfiction førti år seinare som krever at dei er same by. :-P

    **1967:**
    * Svarte-Petter oppsøkast av Peggy. Ho tvinger han til å gifte seg og flytte saman, og bli hederlig. Han klarer ikkje å bli hederlig, men han klarer å halde all kriminaliteten sin skjult for både familie og naboar. Dei kjøper huset som ligg ved sidan av Langbein sitt.

    * Andeby plagast av Spøkelseskladdens verste triks. Mikke Mus legger inn alt han har, og klarar saman med Andeby-politiet å få Spøkelseskladden arrestert. Arrestasjon er Kladdens største nederlag, og han sverger difor hemn.

    * Magica frå Tryll sukker medtatt over å aldri klare å få tak i lykkeskillingen, og bestemmer seg for å gå på nattklubb for å få tankane over på noko anna. Der møter ho Anton Antonsen som er på jordomseiling, utan at dei gjenkjenner kvarandre, og dei har ei fin natt saman.

    * Skrue McDuck forsvinner plutseleg sporlaust. Ole, Dole og Doffen Duck, som no er vaksne, arver det meste av formua og bestemmer seg for å disponere ho saman.

    * Mikke dør i ein kraftig eksplosjon. Super-Langbein høyrde at ei bombe tikka i huset hans, men kom akkurat for seint til å redde han. Der huset til Mikke var, danner det seg eit digert svimerke forma som ein blekkflekk.

    * For å kome over tapet av onkelen, byrjar Donald Duck med eit handverk. Som så ofte før, blir han ekspert i det. Gjennom jobben møter han borndomsvenninna Pia, og dei blir meir enn gode vener. Etterkvart gifter dei seg. Donald bestemmer seg for å leggja Fantonald-kappa på hylla og prioritere familien.

    * I rettssaka mot Spøkelseskladden går Spøkelseskladden fri, fordi det sikraste beviset politiet hadde mot han, var Mikkes vitnemål.

    * Langbein får vite at jenta han var så forelska i ein gong, har døydd i ei trafikkulykke, og at ho etterlot seg ein son - hans son, Max. Langbein tar til seg Max.

    * TV-serien Langbein og Sønn finner stad. Det som ikkje kjem fram av TV-serien er at Langbein i det skjulte kraftig trapper opp Super-Langbein-rolla - noko som er svært nødvendig no som både Mikke og Fantonald er borte.

    * Dolly blir gretten over at Donald har gifta seg, og frir difor til Anton straks han er tilbake frå jordomseilinga si, og ettersom Anton aldri har hatt særleg hell i kjærleik, svarer han umiddelbart ja.

    * Magica finner ut at ho er gravid, men aner ikkje kven faren er.

    **1968:**
    * Ole, Dole og Doffen driver McDuck-konsernet så godt dei kan, og absolutt ikkje dårleg - men Gulbrand Gråstein går likevel opp til å bli verdas rikaste mann.

    * Den uavhengige kandidaten Ethan Thom Plobt stiller til val som USAs president. Kampanjen hans er heilt ulik alt amerikansk presidentvalkamp har sett tidlegare, mellom anna stiller han ofte i ei svart maske, og marknadsfører seg sjølv som ein anonym. "I'm the shadow in a world where light stands out. I'm the anonymous person from the darkness. I'm a questionmark - I don't hold any answers, and thus I don't hold the wrong answers. I'm a John Doe, a no-face. I represent no party, I only stand for the anonymous no-faces politicians so often leave behind in the darkness ... sound familiar? Vote for Plobt." Plobt er ein outsider, og politiske kommentatorar ser på han som ein vits, men han slår veldig godt an hos folket, og slår Richard Nixon med ganske mange stemmer i årets presidentval. (Har folk skjønt kva Ethan Thom Plobt er eit anagram for?)

    * Andeby blomstrer opp kraftig, ettersom Ole, Dole og Doffen er flinkare til å gi til veldedigheit enn Skrue var.

    **1969:**
    * Svarte-Petter blir kontakta av Spøkelseskladden, som no har blitt amerikansk president. Kladden vil gjerne ha litt kontroll over Andeby, då han forutser at det kjem til å bli ein svært viktig by for kriminalitet. Han overtaler difor Svarte-Petter til å, med Kladdens støtte, satse på organisert kriminalitet, noko han gjer.

    * Kriminaliteten i Andeby, som allereie har stige ganske kraftig sidan 1967, blir enno høgare når ein bandekrig startar i byen, mellom Svarte-Petters menn og Farlege Fiffus' menn.

    * På fødselsdagen til Skrue McDuck besøker Donald, Dolly og Ole, Dole og Doffen kirkegården, der det har blitt sett opp ein minnestein for Skrue, til tross for at det aldri har blitt funne noko lik og ingen veit kva som har skjedd med han. Dolly spør Donald kva som eigentleg skjedde med Skrue, og han svarar at det nok er ei historie som aldri vil bli fortalt.

    * Når Donald kjem heim, litt tidlegare enn forventa, finner han Pia og Anton saman. Anton blir jaga ut og får eit par blåmerker av den rasande Donald. Pia, som i motsetning til Anton føler litt skyld, forteljar Donald at ho er usikker på forholdet deira.

    * Svarte-Petter og Farlege Fiffus møtast mann mot mann, og Farlege Fiffus overlever ikkje kampen. Mikro-Midas, som var nestkommanderande under Fiffus, går inn i banden til Svarte-Petter.

    * Donald og Pia blir separerte. Det same blir Dolly og Anton. Ingen av dei har fått born.

    * Rikerud blir oppsøkt av eit par muskelmenn som seier at det kan vera lurt av han å betale dei "forsikringspengar" for å unngå at butikkane hans blir rana. Han nekter og får dei kasta ut.

    * Petter Smart blir no dagleg nedrent av folk som vil ha tyverisikringar og slikt, og då pågongen blir så intens at Petter må seie nei til ein del, byrjar folk å overby kvarandre. Prisane blir fort veldig høge, og Petter blir millionær på eit blunk. Ein av Petters største kundar er Rikerud, som kjøper tjuverisikring til alle butikkane sine.

    **1970:**
    * Deprimert over å ha mista Pia, klarer Donald å kludre til ekspertjobben sin, så no er han arbeidsledig igjen. Då ein lommetjuv prøver å rane han, bestemmer han seg for å bli Fantonald igjen - dog er han no ein bitrare og meir depressiv Fantonald enn han nokon gong har vore. Dole bestemmer seg for å overvåke onkelen i tilfelle han trenger hjelp, og oppdagar at han er Fantonald.

    * Svarte-Petter, som alle er overtydde om at har blitt hederlig, stiller til ordførarval i byen.

    * Etter at Svarte-Petters bandittar har mislyktes i å rane eit par Rikerud-forretningar, blir Rikerud kraftig banka opp av mafiaen. Han blir delvis lam som eit resultat av det.

    * Dole hjelper Donald med å finansiere ei heiltids Fantonald-karriere.

    * For å hjelpe han tilbyr Ole, Dole og Doffen seg å kjøpe opp Rikerud Corporation. Rikerud misliker tanken på å selja til sin verste fiende, men føler at han ikkje har noko val - inntil han får eit nytt tilbod. Rikerud Corp. blir deretter kjøpt opp av sør-afrikanske Gråstein Industrier, og Rikerud går inn i testamentet til Gråstein som einearving av konsernet. Rikerud er òg, saman med Luski, ansvarleg for Gråsteins andebyavdeling.

    * Svarte-Petter blir vald til ordførar. Det første han gjer som ordførar er å seie opp politimeisteren som ikkje har klart å gjera noko med den kraftige forbryterbølga i byen. Den nye politimeisteren blir politiinspektør Olsen.

    **1971:**
    * Fantonald blir stadig tøffare, og etter eit uhell der han medverkar til å få ein uskuldig person drept, bestemmer han seg for å trappe opp og bli enno tøffare. Sjå tidlegare innlegg av Loke, dette klarar eg ikkje å oppsummere på eit strekpunkt.

    [...]

    Det var vel dei fire-fem første åra etter Skrue, minus alt det som eg garantert gløymte ...

  • edited November -1

    Olaf Solstrand skreiv:

    Så korleis ser tidslinja vår ut no? Forsøk på å oppsummere.

    Glimrende post, må ha vore ein kjempejobb å samle opp!

    * Den uavhengige kandidaten Ethan Thom Plobt stiller til val som USAs president. Kampanjen hans er heilt ulik alt amerikansk presidentvalkamp har sett tidlegare, mellom anna stiller han ofte i ei svart maske, og marknadsfører seg sjølv som ein anonym. "I'm the shadow in a world where light stands out. I'm the anonymous person from the darkness. I'm a questionmark - I don't hold any answers, and thus I don't hold the wrong answers. I'm a John Doe, a no-face. I represent no party, I only stand for the anonymous no-faces politicians so often leave behind in the darkness ... sound familiar? Vote for Plobt." Plobt er ein outsider, og politiske kommentatorar ser på han som ein vits, men han slår veldig godt an hos folket, og slår Richard Nixon med ganske mange stemmer i årets presidentval. (Har folk skjønt kva Ethan Thom Plobt er eit anagram for?)

    Det med maska - kva om han møter til alle debattar, intervju, og liknande umaskert, og så dreg hetta over hovudet før han uttalar seg som amerikas president, fordi han då ER amerikas president, og ikkje enkeltpersonen Plobt?

    Det var vel dei fire-fem første åra etter Skrue, minus alt det som eg garantert gløymte ...

    Det me har vore inne på som du ikkje nemnde og eg hugsar i farta var:
    - folka under Fiffus, Midas og Petter, kva stillingar dei har og kva rolle dei spelar
    - kva skjer med Petra etter Petters skifte av beitemarker? Ser for meg henne som potensiell forbrytardronning som kan gjere livet surt for ordførar Petter.
    - Ducktales, som eg trur me var inne på å legge til i kontinuiteten (med nokre små endringar, kanskje)
    - eventuelle påfunn mht. Storeulv og andre andebyskogkarakterar (men dei var visst du ikkje så interessert i?)
    - Dollys karriere som forfattar
    - mistanken mellom Ole/Doffen og Dole når Doles pengeforbruk økar enormt og dei ikkje veit han brukar det på Fantonald
    ...ellers trur eg du har dekka alt. Apropo ODD, minst ein av dei burde då få ein eller annan form for betydningsfull romanse i løpet av denne tida?
    Åh, og eg har, av ein eller annan grunn, særs lyst til å drepe Fiks... skjønt det er kanskje meir effektfullt å la han bli ein desillusjonert pensjonist som gjer eit litt motvillig comeback mange år seinare?

  • edited November -1

    Loke Aesir skreiv:

    Apropo ODD, minst ein av dei burde då få ein eller annan form for betydningsfull romanse i løpet av denne tida?

    Ja, det har dei garantert. Dole har møtt igjen si Polly, og dei har garantert fått born (som vel må vera omtrent på alderen til bornet til Magica?). Var det Scrooge jr. og Elviry jr. vi snakka om?

    Eg har ikkje lyst til å drepe Fiks, men eg ser at det er ein måte det kan gjerast ganske smart på ... Kanskje han ikkje blir pensjonert, men at han held fram som politimeister fram til 1972, og at han blir ein av dei beste og mest omtalte politimeistarane i heile landet, men at han plutseleg blir drept av ein ukjent, ei "anledning" Ethan Thom Plobt bruker til å vinne neste valkamp på at politiet trenger kraftige opprustningar når slik ei legende kan bli drept på den grusomme måten ... Og utan at nokon skjøner det, er dette hans første steg på vegen mot ein politistat.

    Eg går forresten berre med på å drepe Fiks dersom han får nasjonal gravferd.

    Når det gjelder Kladdens maske, trur eg nok at han har den på seg heile tida - det er ikkje ein veldig presidentsk ting å gjera, men han kan jo helst ikkje bli gjenkjent, og eg ser på plastisk kirurgi som noko veldig u-disneyisk (i motsetning til mord, mafiakrig, konspirasjonar, whiskey, graviditetstestar og alt det andre som vi har kome fram til).

  • edited November -1

    Hva har skjedd med Tobben siden han var liten, da? Jeg tror ODD har mast i alle år for å han på fote, men Tobben orker ikke engang tanken på skole og utdanning. Etterhvert sikrer Rott jernbanen mye bedre og han får problemer med å skaffe seg mat. Han finner ut han må gjøre noe. Tanken om jobb slår han raskt bort, og han bestemmer seg for å bli profesjonell forbryter. Han begynner også å rane sine tidligere venner, ODD.

    Og Gneis? Petter er ikke lenger i fare for å komme i økonomisk krise bare han tar en uke fri. Han setter av litt tid til å fikse tidsmaskinen og sender Gneis tilbake til familien.

    Olaf Solstrand skreiv:

    (Har folk skjønt kva Ethan Thom Plobt er eit anagram for?)

    Det må vel være the Phantom Blot, altså Spøkelseskladden. :)

  • edited November -1

    Tanken om jobb slår han raskt bort, og han bestemmer seg for å bli profesjonell forbryter. Han begynner også å rane sine tidligere venner, ODD.

    Jeg trur ikke han ville rane sine venner, men han har jo mer stolthet enn å tigge penger fra dem(for han vet jo at de vil hjelpe han). Isteden planlegger han et møte med dem. Finner ut hvor de går til job. Hvilke kaféer de spiseer lunsj på.osv.osv, så han kan møte dem "tilfeldig" på gata en dag. De blir glade for å se han, men så hører de hvordan han har det og insisterer på å skaffe han tak over hodet. Etter mye krangling takker Tobben ja (som var planen hele tiden). Men så begynner stoltheten hans å plage han igjen, og han rømmer. Han er inne på tanken om å bli en tyv flere ganger, Men han har bare ikke lyst til å stjele fra vennene hans.

  • edited November -1

    Hehe, morsomme forslag om Tobben, fortsett, fortsett.

    Olaf Solstrand skreiv:

    Loke Aesir skreiv:

    Apropo ODD, minst ein av dei burde då få ein eller annan form for betydningsfull romanse i løpet av denne tida?

    Ja, det har dei garantert. Dole har møtt igjen si Polly, og dei har garantert fått born (som vel må vera omtrent på alderen til bornet til Magica?). Var det Scrooge jr. og Elviry jr. vi snakka om?

    Jupp. :-) Doles rolle som familiefar kan dessutan skape ekstra konflikter når han blir meir og meir opptatt av konsernet (og i røyndom Fantonald)...

    Åh, og eg har, av ein eller annan grunn, særs lyst til å drepe Fiks... skjønt det er kanskje meir effektfullt å la han bli ein desillusjonert pensjonist som gjer eit litt motvillig comeback mange år seinare?

    Eg har ikkje lyst til å drepe Fiks, men eg ser at det er ein måte det kan gjerast ganske smart på ... Kanskje han ikkje blir pensjonert, men at han held fram som politimeister fram til 1972, og at han blir ein av dei beste og mest omtalte politimeistarane i heile landet, men at han plutseleg blir drept av ein ukjent, ei "anledning" Ethan Thom Plobt bruker til å vinne neste valkamp på at politiet trenger kraftige opprustningar når slik ei legende kan bli drept på den grusomme måten ... Og utan at nokon skjøner det, er dette hans første steg på vegen mot ein politistat.

    Eg går forresten berre med på å drepe Fiks dersom han får nasjonal gravferd.

    XD FOR eit ultimatum. Men ok. Nasjonal gravferd it is.

    Når det gjelder Kladdens maske, trur eg nok at han har den på seg heile tida - det er ikkje ein veldig presidentsk ting å gjera, men han kan jo helst ikkje bli gjenkjent, og eg ser på plastisk kirurgi som noko veldig u-disneyisk (i motsetning til mord, mafiakrig, konspirasjonar, whiskey, graviditetstestar og alt det andre som vi har kome fram til).

    Er einig i at kirurgi er ein uting, men det MÅ då vere ein måte me kan klare å få til dette utan at det blir FOR urealistisk - og eg meinar at å gå med maske hundre prosent av tida er urealistisk for ein presidentkandidat/president. Kva om han simpelthen har brutt seg inn i statens datanettverk,sletta biletet av seg sjølv (og ein del andre terroristar, forbrytarar og ransmenn, så klart, så ikkje folk skal byrje lure på kvifor biletet av akkurat Kladden forsvinn akkurat no) og i tillegg har anlagt heilskjegg og brukar kontaktlinser for å endre augefargen? Det er jo trass alt berre Fiks og Mikke som har sett han demaskert i særleg grad, og den eine er død og den andre er byrja dra på åra.

    Kladden burde forresten sitje i to periodar, bli umåteleg populær, få presidentloven endra, sitte i ein periode til, og så, til alles overraskelse (inklusive hans) tape mot den unge herr Dole Duck,den fyrste presidentkandidaten i historia som har blitt sponsa av McDuck-konsernet*. Kladden har sjølvfølgjeleg lagt opp plan B-Å i fall dette skulle skje, men han blir nok likevel ganske rasande, og hans hemn/forsøk på hemn over McDuck-konsernet generelt og Dole spesielt kan bli interessant. For ikkje å snakke om kva hans plan B innebærer, det er garantert noko skummelt noko.

    *sponsing av McDuck-konsernet er vel i og for seg nesten ein billett til Det Kvite Hus, ettersom dei antakeelg eig halvparten av tv-kanalane, to tredjedeler av avisene, tre fjerdedeler av vekebladene og nitti prosent av radiostasjonane... Spørsmålet er om Ole tykkjer dette er valgfusk eller ikkje... for om det strir mot ideala hans vil han aldri nytte seg av det, og då blir det vanskeleg å forklare populære herr Plobts valgtap...

  • edited November -1

    Masse interessant i denne tråden her, men et par kommentarer vil jeg gjerne
    komme med.
    For det første, Antons ekteskap med Dolly, liker ideén, men jeg kan ikke
    se at Anton ville gifte seg frivillig, han virker mer som en evig ungkar.
    Mulig et eller annet skjer som gjør det vanskelig for ham å unslippe,
    kanskje et barn? (Og hvordan skal dette skje med Antons flaks? Trippefinken-greiene
    fra Rosas historie om Antons fødselsdag er en måte, men ble ikke forbannelsen
    opphevet i den historien? Kanskje noe skjer som gjør at forbannelsen kommer
    tilbake? Magica blir sur over at Anton stikker av, prøver å kaste en forbannelse
    på "personen som stakk av", men Antons flaks motveier forbannelsen så den
    blir redusert til kun én dag i året, eller kun én hendelse?)
    Hmm... dette fører vel til at Anton får to barn, det ene ukjent. Kan føre
    til en interessant fremtid, hvor Antons barn med Dolly og Antons barn med Magica
    møtes, begge med overnaturlig flaks, og på hver sin side....

    Og så dette med Kladden, liker også tanken på at han får mye makt, men
    da kan han vel ikke bli president? Det er nå ikke presidentene som har størst
    makt i USA, det er vel heller rådgivere/regjering, og det ville sikkert vært enklere
    for Kladden å bli rådgiver for en uredelig, men tomsete, kandidat som han kan
    styre slik han vil?

    Et tips når det gjelder Fiks:
    Kanskje han kan pensjonere seg, desillusjonert, men etter noen år med kriminalitesvelde starte opp en hemmelig forbryterforkjempelsesorganisasjon,
    med både nye og gamle helter som medlemmmer? (Kanskje litt for typisk)

    Ellers, fortsett spekulasjonene, nå ser det ut til at vi har fått en del "neste generasjons"
    andebyboere her, både "nye" og gamle (som har blitt mer "fyldigere") som man
    kan spekulere om enda lengre frem i tid.
    Får lyst til å begyne å skrive fan fictions om dette.

    - Natteravn

  • edited November -1

    Det har så vidt blitt nevnt før, men - hva skjer med verden? Når USA har et nytt metropolis, med høy kriminalitet, når verdens rikeste mann er død, når en sørafrikansk enkelperson blir en økonomisk supermakt og når en mystisk skurk blir USAs president skulle det være nye tider for verdenspolitikken. Eksisterer den kalde krigen i Donald? I så fall, hvilket utfall får den? Hva skjer i Brutopia (og hvor mektig er egentlig Brutopia)? Følger Gråsteins makt til at apartheidsstyret aldri blir avskaffet? Vil Kladden styrke USAs posisjon, eller svekke den? Åssåvidere. Forslag?

  • edited November -1

    Natteravn skreiv:

    Og så dette med Kladden, liker også tanken på at han får mye makt, men
    da kan han vel ikke bli president? Det er nå ikke presidentene som har størst
    makt i USA, det er vel heller rådgivere/regjering, og det ville sikkert vært enklere
    for Kladden å bli rådgiver for en uredelig, men tomsete, kandidat som han kan
    styre slik han vil?

    Jo, men Kladden er særs, særs forfengeleg, og vil elske tanken på å lure ein heil nasjon til å stemme på ein som har som målsetting å undertrykke dei. I tillegg så KAN presidenten ha mest makt, særleg når han er ein som Kladden, ettersom han vil velge ut sitt eige kabinett og ansette sine egne "rådgivarar".

    Kva Anton og Dolly angår... nja... eg ser poenget ditt, og er særs begeistra for tanken på at barnet deira og Magicas barn møter kvarandre som vaksne, men det er mykje i det du foresler eg ikkje likar særleg. Det fyrste er at Magica skal bli forbanna på Anton - det skjer ikkje. For det fyrste vil ho aldri godta at nokon legg seg opp i oppdragelsen. For det andre vil ho aldri orke leve med ein person med så mykje flaks (kjem til å bli mykje frustrasjon ovenfor ungen opp gjennom åra...). For det tredje veit ho ikkje kven som er faren (skjønt ho vil nok fatte mistanke når den ekstreme flaksen ungen har byrjar vise seg).
    For det fjerde slit eg med å sjå for meg at Anton skal måtte gjere noko ufrivillig (og når me har tatt bort Magicas motiv for å forhekse han, så vil flaksen i alle fall stoppe det), så at han "må" gifte seg verkar litt feil.
    Men du har absolutt eit poeng - Anton som gift klinger på ein måte litt feil, men på den andre sida vil han kanskje gjere det kun for å irritere vettet av Donald? Om giftemålet går ille vil jo flaksen hans redde han ut av det uansett.

    Et tips når det gjelder Fiks:
    Kanskje han kan pensjonere seg, desillusjonert, men etter noen år med kriminalitesvelde starte opp en hemmelig forbryterforkjempelsesorganisasjon,
    med både nye og gamle helter som medlemmmer? (Kanskje litt for typisk)

    Hm, eit borgarvern? Ulovlege, sivile håndhevarar av loven, men ikkje maskerte, ingenting superhelt-aktig... jo, det kan bli tøft!

    [[Ellers, fortsett spekulasjonene, nå ser det ut til at vi har fått en del "neste generasjons" andebyboere her, både "nye" og gamle (som har blitt mer "fyldigere") }}
    Les "fordervede" ;-)

    som man kan spekulere om enda lengre frem i tid.
    Får lyst til å begyne å skrive fan fictions om dette.

    Gjett om! Eg har hatt lyst til det LENGE no - som Fantonaldforslaget mitt bærer litt preg av.

    Vegar skreiv:

    Det har så vidt blitt nevnt før, men - hva skjer med verden? Når USA har et nytt metropolis, med høy kriminalitet, når verdens rikeste mann er død, når en sørafrikansk enkelperson blir en økonomisk supermakt og når en mystisk skurk blir USAs president skulle det være nye tider for verdenspolitikken.

    Vil få påpeike at det at Gråstein er ei økonomisk supermakt ikkje er nytt... men på alt det andre har du så klart rett. :-)

    Eksisterer den kalde krigen i Donald? I så fall, hvilket utfall får den?

    Hm... godt spørsmål... men med Kladden på laget utviklar nok amerikanerene ein eller annan form for genialt supervåpen.

    Hva skjer i Brutopia (og hvor mektig er egentlig Brutopia)?

    Har ingen gode forslag til dette på ståande fot, skal tenke på det.

    Følger Gråsteins makt til at apartheidsstyret aldri blir avskaffet?

    Dersom det ikkje har gjort det før, vil det ikkje gjere det no - Gråsteins stilling er uendra i Afrika, det er på internasjonal basis han blir mektigare når Skrue forsvinn.

    Vil Kladden styrke USAs posisjon, eller svekke den? Åssåvidere. Forslag?

    Kladden vil styrke USAs globale posisjon så mykje som overhovudet mogeleg, fordi han vil ansjå det som styrking av sin eigen globale posisjon. Den indre posisjonen vil han bygge opp som eit særs, særs skjørt fyrstikktårn som vil gjere han særs populær ettersom det meste blir betre og betre, men han vil nok samtidig tilrettelegge for den dagen han skulle få behov for å rive alt ned att.

    Noko som forresten kan føre til ein enorm nedgangstid med det samme Ole blir president...

  • edited November -1

    Loke Aesir skreiv:
    {
    Kva Anton og Dolly angår... nja... eg ser poenget ditt, og er særs begeistra for tanken på at barnet deira og Magicas barn møter kvarandre som vaksne, men det er mykje i det du foresler eg ikkje likar særleg. Det fyrste er at Magica skal bli forbanna på Anton - det skjer ikkje. For det fyrste vil ho aldri godta at nokon legg seg opp i oppdragelsen. For det andre vil ho aldri orke leve med ein person med så mykje flaks (kjem til å bli mykje frustrasjon ovenfor ungen opp gjennom åra...). For det tredje veit ho ikkje kven som er faren (skjønt ho vil nok fatte mistanke når den ekstreme flaksen ungen har byrjar vise seg).}

    Det er nok heller ikke det at hun blir stående igjen med en unge som ville gjort
    henne sint, jeg tenker mer på den umiddelbare sinne, hvis f.ks. Anton bare sniker
    seg avgårde neste dag, mens Magica, som kanskje ikke har hatt noe særlig tid
    til romantikk tidligere kanskje trodde at et forhold kom til å utvikle seg, så i rent
    raseri sender hun ut en forbannelse, og hun trenger ikke å vite hvem hun forbanner,
    kanskje ligger det igjen en fjær etter han f.ks.

    {Et tips når det gjelder Fiks:
    Kanskje han kan pensjonere seg, desillusjonert, men etter noen år med kriminalitesvelde starte opp en hemmelig forbryterforkjempelsesorganisasjon,
    med både nye og gamle helter som medlemmmer? (Kanskje litt for typisk)

    Hm, eit borgarvern? Ulovlege, sivile håndhevarar av loven, men ikkje maskerte, ingenting superhelt-aktig... jo, det kan bli tøft!}

    Ser allerede for meg en scene rundt et dunkelt opplyst langbord, der en person
    sitter på enden skjult i skyggene og prater til en gjeng. Personen har en Fiks-aktig
    siluett og de andre kaller ham Mr. F. eller noe slikt.

    Vegar skreiv:
    {Det har så vidt blitt nevnt før, men - hva skjer med verden? }

    Mye som tyder på at her ser vi på en veldig anderledes fremtid enn
    den vi har sett i "vår" verden.

    - Natteravn

  • edited November -1

    Natteravn skreiv:

    Det er nok heller ikke det at hun blir stående igjen med en unge som ville gjort
    henne sint, jeg tenker mer på den umiddelbare sinne, hvis f.ks. Anton bare sniker
    seg avgårde neste dag, mens Magica, som kanskje ikke har hatt noe særlig tid
    til romantikk tidligere kanskje trodde at et forhold kom til å utvikle seg, så i rent
    raseri sender hun ut en forbannelse, og hun trenger ikke å vite hvem hun forbanner,
    kanskje ligger det igjen en fjær etter han f.ks.

    Det funkar nok... men Olaf har liksom omvendt meg til "Magica er ikkje familietypen"-filosofien, og då skurrar det litt at ho håpar på meir enn ei enkeltnatt med Anton.

    Ser allerede for meg en scene rundt et dunkelt opplyst langbord, der en person
    sitter på enden skjult i skyggene og prater til en gjeng. Personen har en Fiks-aktig
    siluett og de andre kaller ham Mr. F. eller noe slikt.

    Hehehe, tøft. :-)

  • edited November -1

    Argh, eg held på å gjenlese "League of Extraordinary Gentlemen" no, så det første som slår meg når du nemner "Mr. F", er at ingen veit kven han er, men alle veit at han er Fiks, og så er han eigentleg Farlege Fiffus (forutsatt at han ikkje dør nokre år tidlegare likevel, men berre blir hardt skada og fornedra og forlatt), og at hans eigentlege intensjon har ingenting med å bekjempe kriminalitet å gjera, han vil berre bekjempe Svarte-Petter ... Og gjer det ein ved å verve folk til å "bekjempe kriminalitet" ...

    OK, blatant LOEG-rip-off, men ... Det er det første EG tenker på. :-)

  • edited November -1

    Olaf Solstrand skreiv:

    Argh, eg held på å gjenlese "League of Extraordinary Gentlemen" no, så det første som slår meg når du nemner "Mr. F", er at ingen veit kven han er, men alle veit at han er Fiks, og så er han eigentleg Farlege Fiffus (forutsatt at han ikkje dør nokre år tidlegare likevel, men berre blir hardt skada og fornedra og forlatt), og at hans eigentlege intensjon har ingenting med å bekjempe kriminalitet å gjera, han vil berre bekjempe Svarte-Petter ... Og gjer det ein ved å verve folk til å "bekjempe kriminalitet" ...

    OK, blatant LOEG-rip-off (der alle var sikre på at den mystiske mr M, som ligaen handla på oppdrag for, var Mycroft Holmes, og så var han eigentleg James Moriarty), men ...

    Det er det første EG tenker på. :-)

    Hehehe, kvifor ikkje? Men kva gjer så den egentlege Fiks? Er på heisantur med Indiana Beinson?

  • edited November -1

    Nei ... skal denne "alle trur at han er leiar"-greia virke, måtte han framleis vera i Andeby. Og anten er han ein pensjonist med veldig sterke meiningar, elles har han framleis ei toppstilling i politiet eller kommunen (den i kommunen må han jo ha fått før Svarte-Petter tok over, men ... det hadde vore ein festlig konfliktarena. Svarte-Petter som ordførar, Fiks som rådmann?).

    Hehehe... kanskje fritt-talande avisredaktør i Andebyposten?

    Ettersom du ikkje reagerte på min ikkje-så-subtile hinting om at me burde finne på noko for Beinson, så får eg stille det som eit klart spørsmål: Kva gjer me med Beinson? :-)

  • edited November -1

    Tja, han lever jo lykkeleg i Amazonas, ser ikkje for meg at livet hans blir HEILT øydelagt av at Mikke dør heller, og Andeby har han jo ikkje noko forhold til, så eg trur at han kjem til å leve stort sett som før ...

    Ein ting, dog. Eg ser for meg at han blir ein stadig større og meir eventyrar, og på eit tidspunkt MÅ det jo byrja å sirkulere eit rykte om at det er han som er Super-Langbein. Eg meinar, han har vore ein del i Andeby, han er tøff, sterk og atletisk, han bruker svært mykje tid på å trene, han foretrekker å gå inn gjennom vindauget i 2. etasje i staden for å gå inn og gå trappa ... og han er PRIKK LIK. Det MÅ starte eit slikt rykte ein dag.

    XD Der har me den perfekte spin-off-tittelen til hovudserien vår (me tenkte på å lage ei stor historie for kvart åt, sant?), "Tales of 1970: The Identity of the Super-Goof" med eit paparazzibilete av Beinson på veg ut av eit sjuetasjers vindauge som forside.
    Ser for meg spekulasjonane - "superkrefter frå spesiell jungel-lakris?". "Beinson finner myteomspunnen artefakt samme år som Super-Langbein gjer sin fyrste offentlege opptreden... samantreff?"

Sign In or Register to comment.

Hei sveis! Ja, her ser du meg! Er du ikke glad for å treffe meg?

Det ser ut som om du er ny her. Om du vil kome i gong, trykk på ein av desse knappane!

Har du lest forumreglane?