Ønsker du å bli medlem på Kvakk.no? For å hindre spam i forumet krever vi nå at du har en invitasjonskode for å registrere deg som medlem. For å få tilsendt en invitasjonskode, send en e-post til olafmoriarty krøllalfa gmail punktum com eller krice krøllalfa kvakk punktum no, og vi vil invitere deg så raskt vi kan.

Andeby etter Skrue

1356716

Comments

  • edited November -1

    Olaf Solstrand skreiv:

    _*Ole,*_ _*Dole*_ _*og*_ _*Doffen:*_
    Dei tre ville sannsynlegvis tiltrådt tre av dei aller viktigaste jobbane i verda. Ein av dei hadde blitt generalsekretær i McDuck-konsernet, ein av dei hadde blitt øvste leiar i Hakkespettene og ein av dei hadde blitt president i USA.

    Minst ein av dei blir stolt familiefar og etterkvart bestefar. Og ein av dei, anten hakkespetten eller presidenten, vil seinare bli leiar i FN.

    Helt Enig!

    Når ODD arver og blir kjendiser, dukker faren deres opp og vil ha sin del av kaka.

    Guffen ville arvet gården etter bestemor, men kjørt den helt på dynga. Petter kommer han til hjelp, han er lei av det travle livet i byen, og vil ha et rolig sted hvor han kan eksperimentere for seg selv. Klodrik kommer stadig på besøk og bygger seg til slutt en egen liten "fløy" og driver med dyrking av økologiske grønnsaker på si.

    Skrue er ikke død, men har dratt tilbake til Klondike, der han og Gulda får noen fine år. Kanskje driver de og Den sorte Bjørn sammen.

    Dolly gifter seg ikke med Anton eller Donald, for ingen av de arvet jo Skrue, men med en eller annen rik snobb. Når Donald forelsker seg i ei kjempesøt jente på margarinfabrikken, mens hennes eget ekteskap bare er et spill for publikum, tar hun ut skilsmisse, og vil gjøre det godt igjen. Donald vet ikke hva han skal gjøre, og tar et "friår," der han reiser rundt med kompisene Panchito og José. Han og Dolly finner tilslutt tilbake til hverandre, selv om de kanskje aldri gifter seg....

    Anton forblir ugift, men har mange kjærester opp gjennom årene. Ekteskapet strider imot hans natur.

  • edited November -1

    andungen kvakk kvakk skreiv:

    Skrue er ikke død, men har dratt tilbake til Klondike, der han og Gulda får noen fine år. Kanskje driver de og Den sorte Bjørn sammen.

    Heh ... lest denne?

    http://www.sullivanet.com/duckburg/myart/webbedbliss/

    Ei av dei aller mest rørande Donald-historiene eg nokon gong har lest. Synd at det er ei historie vil aldri vil få sjå på trykk ...

  • edited November -1

    Olaf Solstrand skreiv:

    Ei av dei aller mest rørande Donald-historiene eg nokon gong har lest. Synd at det er ei historie vil aldri vil få sjå på trykk ...

    Enig i at det var en rørende historie. Snufs....

  • edited November -1

    Jepp, hehe.... KJempefin historie, ja=)

  • edited November -1

    Olaf Solstrand skreiv:

    andungen kvakk kvakk skreiv:

    Skrue er ikke død, men har dratt tilbake til Klondike, der han og Gulda får noen fine år. Kanskje driver de og Den sorte Bjørn sammen.

    Heh ... lest denne?

    http://www.sullivanet.com/duckburg/myart/webbedbliss/

    Ei av dei aller mest rørande Donald-historiene eg nokon gong har lest. Synd at det er ei historie vil aldri vil få sjå på trykk ...

    Sant nok. Ellers likte jeg godt navnet på skuta som brakte Skrue til Alaska - "Pride of Glasgow".

  • edited November -1

    Olaf Solstrand skreiv:

    andungen kvakk kvakk skreiv:

    Skrue er ikke død, men har dratt tilbake til Klondike, der han og Gulda får noen fine år. Kanskje driver de og Den sorte Bjørn sammen.

    Heh ... lest denne?

    http://www.sullivanet.com/duckburg/myart/webbedbliss/

    Ei av dei aller mest rørande Donald-historiene eg nokon gong har lest. Synd at det er ei historie vil aldri vil få sjå på trykk ...

    Ikke i DD&Co, men hva med DDF(R)appet, Donaldisten og NAFS(K)uriren?

  • edited November -1

    Husker jeg leste den historien for et par år siden. Var og er fremdeles imponert over denne historien.

  • edited November -1

    *bump* :-) Eg trekker fram denne tråden igjen, eg, fordi eg likte den så godt.

    Loke Aesir skreiv:

    Men dette åpnar for eit nytt spørsmål: Vil det komme nye generasjonar karakterar til? Altså, levende, aktive karakterar som kunne blitt brukt med fortjeneste i post-Skrue historiar?

    Sjølvsagt. Dole kjem til å møte att si kjære Polly, frå Donald Pocket 94, og dei får borna Scrooge og Elviry (oppkalt etter to av familiens overhoder - "Grandma jr." blir litt for teit).

    Kan nokon sjå for seg Magica som småbarnsmor? "Drikk opp brygget ditt, Hocus, ellers klarar du aldri å stjele mynter frå gamle menn." XD

    Ho er vel meir sånn karrierekvinne som set jobben foran alt - omtrent som ei okkult utgåve av Inger Ellen Nicolaysen. Ho vil sikkert finne seg ein mann etterkvart, men ... eg ser iallfall ikkje for meg at ho kjem til å gå veldig inn for å få born. Men for all del, det kunne vera kjempeartig å lese ei historie der Magica står blant heksegrytene og stirrer på ein graviditetstest og venter på at ei blå stripe skal kome opp og ber "la den vere negativ, la den vere negativ". :-D

    Det var ein heilt grei løysing, det som interesserer meg med den er korleis vil dei to [Dolly og Anton] reagere på brotet, og vil dette korte ekteskapet resultere i born? Kven får i så tilfelle foreldreretten?

    Ingen born. Anton er absolutt ingen forelder, så det kjem han til å kjempe imot med all sin ... uhm ... flaks. Dolly irriterer seg lenge over dette, til ho byrjar å skrive for å få utløp for aggresjonane sine og blir suksessrik forfattar med kioskromanserien "Dollys Dagbøker" (ja, den ideen har eg frå Don Rosa).

    Og apropo Anton, korleis reagerer han og Donald på at Skrue lar Ole, Dole og Doffen arve brorparten av rikdomane?

    Anton gir blaffen. Han har aldri vore eit menneske som har vore så interessert i å ha formue. Han lever i augeblikket og får alt han ønsker seg uansett. Donald blir først rasande, men blir litt blidare når han plutseleg innser at han no har tjue gonger større sjanse enn tidlegare til å få låne pengar.

    Eller kanskje Donald hadde fått eit tilskot frå nevøane som hadde gjort at han kunne slutte heilt med å jobbe og gå over til å vera Fantonald på heiltid?

    Bla. vil eg gjerne at Svarte-Petter skal bli meir morderisk, Spøkeleskladden endå meir skummel og samvitslaus, og Gråstein meir amoralsk og hensynslaus i sine metodar.)

    Svarte-Petter ja ... Hm ... er det berre eg som innbiller meg det, eller eksisterer det ei rekke Mikke-historier der Mikke reiser til framtida og oppdagar til si store skrekk at Svarte-Petter har blitt ordførar? DET er eit tøft scenario! Diverre passar det dårleg saman med veldig mange av dei andre ideane mine, men ... Han kjem nok etterkvart til å vera ein "Grand Old Man" i det kriminelle miljøet i byen, og kanskje samtidig starte og drive eit tilsynelatande uskyldig firma som dekker over all hans kriminelle aktivitet. Han kjem til å bli ein figur av typen "ALLE veit at han er skyldig, men det finst absolutt ingen måte å bevise det på". Ikkje ulikt Krøsus Sork i "Bamse". :-)

    Spøkelseskladden: Det hadde blitt utruleg likt ein annan serie eg er sikker på at mange her inne leser, men det hadde vore kjempetøft om han hadde blitt amerikansk president.

    Og når det gjelder politiet: Fiks pensjonerer seg, inspektør Olsen tar over (han har den nødvendige utdanninga til det - sjå Donald Pocket 198). Mange ønskjer Mikke som ny politisjef, men Mikke har absolutt inga formell utdanning til sånt (noko som er svært viktig for dei som driver jobbintervjua til offentlege stillingar i byen), og Mikke har eigentleg ikkje så veldig lyst heller - han vil heller dra på arkeologiske utgravingar og leike med modellfly og sånne ting enn å råtne bak eit skrivebord.

    Dette bringer meg forresten inn på den einaste Disney-skurken eg foretrekker over Kladden - Gulbrand. Og han vil utviklsomt bli affektert av Skrues bortgang (uavhengig av om Skrue forsvinn eller dør), dersom han fortsatt lever då. Korleis ser folk for seg Gråsteins slutt? Dør han før Skrue? Samtidig som? Etter? Kva foretek han seg i så tilfelle etter Skrues bortgang? Då Gråstein har tilnærma uendeleg store ressursar og få moralske skruplar har han antakeleg funne måtar å forlenge livet sitt på på ein eller annan måte, og personleg ser eg vel difor det siste scenarioet som mest sannsynleg.

    Hm ... Nei. Eg ser for meg at Gråstein dør omtrent samtidig som Skrue, dei er jo omtrent jamngamle. Noko som forsåvidt er ei interessant historie i seg sjølv - Gråstein har jo ingen openbare arvingar, og dersom alt han eiger blir overteke av staten, er Sør-Afrika plutseleg eitt av verdas aller, aller rikaste land, noko som sikkert kan få kraftige konsekvensar for heile verda, inkludert dagleglivet i Andeby.

    Lever Gråstein vidare, vil det ikkje gå lenge før han er verdas rikaste mann.

    Kva med Rikerud, forresten? Korleis vil han merke av ODD tek over McDuck-konsernene?

    Han vil merke mindre motstand og mindre konkurranse om kontraktar og sånt, og difor bli mykje rikare. Ein dag foreslår kanskje O/D/D å fusjonere, og ettersom Rikerud nok på det tidspunktet byrjar å trekke på åra, ser eg ikkje bort frå at han selger RikeCorp. til McDuck Industries og pensjonerer seg som ein av USAs absolutt rikaste menn.

  • edited November -1

    Ah, denne tråden har eg sakna.

    Olaf Solstrand skreiv:

    Loke Aesir skreiv:

    Men dette åpnar for eit nytt spørsmål: Vil det komme nye generasjonar karakterar til? Altså, levende, aktive karakterar som kunne blitt brukt med fortjeneste i post-Skrue historiar?

    Sjølvsagt. Dole kjem til å møte att si kjære Polly, frå Donald Pocket 94, og dei får borna Scrooge og Elviry (oppkalt etter to av familiens overhoder - "Grandma jr." blir litt for teit).

    Men spørsmålet er om desse karakterane ville ha opplevingar spanande nok til å lage historiar rundt, eller om dei blir fjerne bakgrunnskarakterar som omtrent aldri blir brukt.

    Ho er vel meir sånn karrierekvinne som set jobben foran alt - omtrent som ei okkult utgåve av Inger Ellen Nicolaysen. Ho vil sikkert finne seg ein mann etterkvart, men ... eg ser iallfall ikkje for meg at ho kjem til å gå veldig inn for å få born.

    Men Magica ville nok ha gifta seg oppover, og det vil seie enten med ein særs rik mann, som nok vil gå inn for å ha arvingar, eller ein særs dyktig magiker. I alle fall i det siste scenarioet vil ho ha lite ho skulle ha sagt om mannen får det for seg at han vil ha born...

    Men for all del, det kunne vera kjempeartig å lese ei historie der Magica står blant heksegrytene og stirrer på ein graviditetstest og venter på at ei blå stripe skal kome opp og ber "la den vere negativ, la den vere negativ". :-D

    Genial scene... dette får meg til å undrast på om Disney ville ha tjent på å gi ut ein alternativ serie der alle karakterane lever som... verkelege menneske. Dvs tabuområda er ikkje lengre tabuområde (utan at dei treng få særleg fokus av den grunn - ein treng ikkje ha sexscenar sjølv om ein åpnar for at henvisningar til sex er lov) og skurkane faktisk får drept folk og liknande...

    Ingen born. Anton er absolutt ingen forelder, så det kjem han til å kjempe imot med all sin ... uhm ... flaks. Dolly irriterer seg lenge over dette, til ho byrjar å skrive for å få utløp for aggresjonane sine og blir suksessrik forfattar med kioskromanserien "Dollys Dagbøker" (ja, den ideen har eg frå Don Rosa).

    Det gir meining, ettersom Antons flaks vil gjere alt den kan for å vri aggresjonen hennar til å tjene han, og at ho blir søkkrik er jo ein klar bonus...

    Og apropo Anton, korleis reagerer han og Donald på at Skrue lar Ole, Dole og Doffen arve brorparten av rikdomane?

    Anton gir blaffen. Han har aldri vore eit menneske som har vore så interessert i å ha formue. Han lever i augeblikket og får alt han ønsker seg uansett. Donald blir først rasande, men blir litt blidare når han plutseleg innser at han no har tjue gonger større sjanse enn tidlegare til å få låne pengar.

    Eller kanskje Donald hadde fått eit tilskot frå nevøane som hadde gjort at han kunne slutte heilt med å jobbe og gå over til å vera Fantonald på heiltid?

    No har eg alltid problem med å sjå for meg den vanlege Donald som Fantonald (eg likar å sjå det som eit alternativt univers, ala Fantonald-bladet), men det lyder unekteleg smart...

    Svarte-Petter ja ... Hm ... er det berre eg som innbiller meg det, eller eksisterer det ei rekke Mikke-historier der Mikke reiser til framtida og oppdagar til si store skrekk at Svarte-Petter har blitt ordførar?

    eg har minst lese to...

    DET er eit tøft scenario! Diverre passar det dårleg saman med veldig mange av dei andre ideane mine, men ...

    Genialt scenario, men ikkje så uoverkommeleg som det kan sjå ut som. Ser du for deg eit skille mellom Mouseton og Duckburg her, eller tenkjer du den norske løysinga av at alle lever i samme by? For særleg om det er eit skille så er det lite av dei andre ideane som talar mot å gjere han til ordførar i Mouseton.

    Eg har forresten tenkt på at Mouseton og Duckburg ligg geografisk så nære kvarandre at dersom den eine (eller begge) veks og trivest og blir eit gigantmetropol kan dei vekse saman og bliein by i framtida... gjerne med Duckburg som den dominerande og blomstrande halvdelen og Mouseton som eit dystrare slumstrøk med høg kriminalitet.

    Han kjem nok etterkvart til å vera ein "Grand Old Man" i det kriminelle miljøet i byen, og kanskje samtidig starte og drive eit tilsynelatande uskyldig firma som dekker over all hans kriminelle aktivitet. Han kjem til å bli ein figur av typen "ALLE veit at han er skyldig, men det finst absolutt ingen måte å bevise det på". Ikkje ulikt Krøsus Sork i "Bamse". :-)

    Elskar dette scenarioet... og det kan kombinerast (med herlege resultat) med dette:

    Spøkelseskladden: Det hadde blitt utruleg likt ein annan serie eg er sikker på at mange her inne leser, men det hadde vore kjempetøft om han hadde blitt amerikansk president.

    No har eg alltid tenkt på Gråstein som Disneys Luthor, men joda, litt likt... men tenk på mogelegheitane i eit univers der Svarte Petter er ordførar, Spøkelseskladden er amerikansk president, og Ole, Dole og Doffen er gigantfilantropar...

    Og når det gjelder politiet: Fiks pensjonerer seg, inspektør Olsen tar over (han har den nødvendige utdanninga til det - sjå Donald Pocket 198). Mange ønskjer Mikke som ny politisjef, men Mikke har absolutt inga formell utdanning til sånt (noko som er svært viktig for dei som driver jobbintervjua til offentlege stillingar i byen), og Mikke har eigentleg ikkje så veldig lyst heller - han vil heller dra på arkeologiske utgravingar og leike med modellfly og sånne ting enn å råtne bak eit skrivebord.

    Uansett så vil Svarte Petter som ordførar nok gjere alt han kan for å halde Mikke unna ei slik stilling - faktisk lyder vel Olsen som Petters draumepolitisjef så lenge han ikkje får satt inn Pønski eller Skaftetrynet... (Som forøvrig nok ville fått tilsvarende geniale posisjonar... tenk Pønski som høgsterettsdommar, Advokat Lur som leiande aktor (kva no enn det heiter) og Skaftetrynet eller Minken som fengselsdirektør...)

    Hm ... Nei. Eg ser for meg at Gråstein dør omtrent samtidig som Skrue, dei er jo omtrent jamngamle. Noko som forsåvidt er ei interessant historie i seg sjølv - Gråstein har jo ingen openbare arvingar, og dersom alt han eiger blir overteke av staten, er Sør-Afrika plutseleg eitt av verdas aller, aller rikaste land, noko som sikkert kan få kraftige konsekvensar for heile verda, inkludert dagleglivet i Andeby.

    Kan kombinerast med Magica, dette... den eine vil ha arving som har innsikt i det okkulte i tillegg til det verdslege, den andre vil ha ei mynt (ho vil jo ha ei mynt av ALLE dei rikeste i verda, og Gråsteins fyrste må vel vere sinnsykt mykje kraft i)...

    Og om ikkje - Gråstein vil neppe la pengane gå til kven som helst, og i alle fall ikkje til ein stat (sjølv om det kunne åpna for tøffe scenario). Om han ikkje får ein arving, vil han nok adoptere. Kven kunne vore aktuelle? Ørnulf Ørn, kanskje? Berre eit innfall.

    Lever Gråstein vidare, vil det ikkje gå lenge før han er verdas rikaste mann.

    Jepp... kanskje han sponser Kladdens valgkampanje.

    Kva med Rikerud, forresten? Korleis vil han merke av ODD tek over McDuck-konsernene?

    Han vil merke mindre motstand og mindre konkurranse om kontraktar og sånt, og difor bli mykje rikare. Ein dag foreslår kanskje O/D/D å fusjonere, og ettersom Rikerud nok på det tidspunktet byrjar å trekke på åra, ser eg ikkje bort frå at han selger RikeCorp. til McDuck Industries og pensjonerer seg som ein av USAs absolutt rikaste menn.

    Gir absolutt meining, så framt ikkje presidenten, ordføraren, eller kven-det-no-blir-i-Sør-Afrika legg seg oppi det, i alle fall.

    Er det nokon som har tenkt over skjebnen åt Klodrik?

  • edited November -1

    Olaf Solstrand skreiv:

    Sjølvsagt. Dole kjem til å møte att si kjære Polly, frå Donald Pocket 94, og dei får borna Scrooge og Elviry (oppkalt etter to av familiens overhoder)

    Godt tenkt Olaf!
    Jeg har sans for dette med oppkalling! Man kan vel også tenke seg at Ole og/eller Doffen blir gift med en av sine tremenninger på sin fars side - Hetti, Letti og Netti og får kanskje barna Donald og Della...

    Anton gir blaffen. Han har aldri vore eit menneske som har vore så interessert i å ha formue.

    Jeg har tidligere spurt DR om dette via e-post. Han forklarte da at det at Anton i det hele tatt har vært nevnt som mulig arving i kraft av å være "nevø" av Skrue kun har vært et påfunn fra forlaget som Barks etter hvert gikk bort fra og som også Rosa avviste så snart han kunne. Barks' og derved også Rosas stamtre, er helt klart på at Anton IKKE er i slekt med Skrue.

    Eller kanskje Donald hadde fått eit tilskot frå nevøane som hadde gjort at han kunne slutte heilt med å jobbe og gå over til å vera Fantonald på heiltid?

    Nå synes jeg at du begynner å blande flere universer sammen her...

    Svarte-Petter ja ... Hm ... er det berre eg som innbiller meg det, eller eksisterer det ei rekke Mikke-historier der Mikke reiser til framtida og oppdagar til si store skrekk at Svarte-Petter har blitt ordførar?

    Og her går det vel over stokk og stein med universene...

    Hvert univers kan, etter mitt skjønn, kun ha ÉN fremtid. Ettersom de ulike forfattere og utgivere opererer med det som må oppfattes som tydelig adskilte PARALLELLE universer MÅ man (om man skal være logisk) i spekulasjoner som dette også opererere med PARALLELLE fremtidsutsikter.

  • edited November -1

    Loke:

    Er det nokon som har tenkt over skjebnen åt Klodrik?

    Ei rekke forfremmingar i TNT, som gjer at han etter ei stund er visepresident og altså overnaturleg hemmelig agent på heiltid. Men fritida bruker han sjølvsagt framleis på å prøve å overbevise Donald om at han må skifte livsstil. :-)

    Sigvald:

    Jeg har sans for dette med oppkalling! Man kan vel også tenke seg at Ole og/eller Doffen blir gift med en av sine tremenninger på sin fars side - Hetti, Letti og Netti og får kanskje barna Donald og Della...

    Og la oss ikkje gløyme det mest geniale namnet på stamtreet ... Quackmore. Eg elskar det namnet.

    Og her går det vel over stokk og stein med universene...

    Hvert univers kan, etter mitt skjønn, kun ha ÉN fremtid. Ettersom de ulike forfattere og utgivere opererer med det som må oppfattes som tydelig adskilte PARALLELLE universer MÅ man (om man skal være logisk) i spekulasjoner som dette også opererere med PARALLELLE fremtidsutsikter.

    Du kallar det parallelle univers. Eg kallar det eitt univers. Det finst ei lang rekke historier der Donald-figurar og Mikke-figurar møtast - historier av Strobl, Murry, Barks, Ferioli og andre geniale serieskaparar. Det tyder ikkje nødvendigvis at dei bur i same by, men det tyder definitivt at dei bur i same univers.

    Eg har ingen problemer med å forstå innstillinga "Mikke høyrer ikkje heime i Donald-historier, og byen hans er så forskjellig frå Andeby at det må vera to ulike byar". Men eg sliter kraftig med å forstå innstillinga "Mikke EKSISTERER ikkje i Donald-historier - i heile universet Donald bur i, er Mikke ein ikkje-eksisterande figur". Det er ei arrogant og frekk innstilling som svartmaler svært mange fantastisk gode teikneseriar og teiknefilmar.

    Applaus, helt rett observert.

  • edited November -1

    Hm, får vel komme med mine egne teorier jeg også...

    Donald og guttenes ser jeg to mulige fremtider til. Den jeg heller mest til, er at Skrue blir drept i en ulykke uten å ha skrevet testament, og Donald overtar størsteparten av formuen. Han oppløser McDuck-konsernet, og lever et liv i luksus på dagtid, mens han fortsetter som Fantonald på kveldstid. Han bruker store summer på å finansiere Fantonald-utstyr, med Petter som utvikler. Petter blir ansatt som hovmester (eller noe lignende) av Donald, og går ikke lenger på glemmedrops. (Jada, masse Batman-paralleller her, jeg vet det). Donald finansierer dyre, internasjonale utdannelser for guttene, og hjelper dem så med penger til å starte egne, individuelle bedrifter.

    Alternativt skriver Skrue testament, hvor han gjør guttene til enearvinger, Donald setter dem inn i Fantonald-hemmeligheten, og guttene finansierer superhelt-livet hans. De oppløser ikke McDuck-konsernet, men deler det mellom seg.

    Magica lykkes i å stjele Skrues første mynt fra Donald eller guttene (evt. museet den havnet i), da disse er langt mindre besatt av å beskytte den mynten. Hun får smeltet amuletten sin, skaffer seg en enorm formue over noen få år, og havner relativt høyt på listen over verdens rikeste, som Italias (Europas?) rikeste person.

    Gråstein blir verdens rikeste mann, uansett hva som skjedde med Skrues formuet. Sikkert bittert for Skrue hvis han fremdeles lever, men han var nok klar over at det ville skje dersom han trakk seg tilbake.

    Donald dropper Dolly komplett, og lever livets glade dager som playboy, uten å havne i noe seriøst forhold (nattlig jobb som superhelt lar seg ikke kombineres med forhold noe særlig).

    Kladden lykkes endelig med å drepe Mikke i en av innretningene sine (evt. gjemmer en tidsinnstilt bombe i huset hans, eller noe sånt. Selv Kladden kan tenke praktisk fremfor stilig). Med Mikke ute av veien, setter han i gang et storslått prosjekt for å overta verden, men blir drept i et oppgjør med Fantonald.

    Uten hverken Mikke eller Kladden, står Svarte-Petter fritt til å starte en enorm forbryterorganisasjon, og skaffer seg rikdom og makt, og blir, som noen andre nevnte tidligere, en "jeg har idiotsikre alibier, så selv om alle vet jeg er skyldig kan dere ikke røre meg"-person, med en erkefiende i Fantonald (Wee, Daredevil-paralleller også).

    Bestemor testamenterer gården til Stokkstein, den eneste i familien hun mener kan klare å drive den. Guffen fortsetter som gårdsgutt, da dette inngikk i Bestemors testamente.

    Klodrik gjør karriere som TNT-agent.

  • edited November -1

    Loke Aesir skreiv:

    Men spørsmålet er om desse karakterane ville ha opplevingar spanande nok til å lage historiar rundt, eller om dei blir fjerne bakgrunnskarakterar som omtrent aldri blir brukt.

    Dei vil definitivt få sine historier. Men eg kjem ikkje på noko sånn heilt på sparket. :-)

    Men Magica ville nok ha gifta seg oppover, og det vil seie enten med ein særs rik mann, som nok vil gå inn for å ha arvingar, eller ein særs dyktig magiker. I alle fall i det siste scenarioet vil ho ha lite ho skulle ha sagt om mannen får det for seg at han vil ha born...

    Ser ikkje for meg at Magica gifter seg oppover, faktisk. Eg trur at ho, som Skrue, har lyst til å føle at ho har slitt for det ho har oppnådd ... Og eg trur at ho er feministisk nok til å føle at den einaste riktige måten å oppnå rikdom på, er å klare å skaffe den sjølv i staden for å gifte seg til det ... trur at sånt er for kjedelig for ho. Nei, Magica er det meir sannsynleg at får born utanfor ekteskap, spør du meg. :-)

    Genial scene... dette får meg til å undrast på om Disney ville ha tjent på å gi ut ein alternativ serie der alle karakterane lever som... verkelege menneske. Dvs tabuområda er ikkje lengre tabuområde (utan at dei treng få særleg fokus av den grunn - ein treng ikkje ha sexscenar sjølv om ein åpnar for at henvisningar til sex er lov) og skurkane faktisk får drept folk og liknande...

    Det hadde iallfall blitt betre teikneseriar av det, men det hadde samtidig blitt seriar for ei heilt anna målgruppe enn den Disney har sikta seg inn mot ... så eg trur at det hadde ført til kraftige mediestormar og store boikottkampanjar om dei plutseleg begynte med sånt.

    No har eg alltid problem med å sjå for meg den vanlege Donald som Fantonald (eg likar å sjå det som eit alternativt univers, ala Fantonald-bladet), men det lyder unekteleg smart...

    For ikkje å snakke om at eit Andeby med Svarte-Petter som ordførar verkeleg TRENGER ein superhelt på heiltid. :-)

    Eg har forresten tenkt på at Mouseton og Duckburg ligg geografisk så nære kvarandre at dersom den eine (eller begge) veks og trivest og blir eit gigantmetropol kan dei vekse saman og bliein by i framtida... gjerne med Duckburg som den dominerande og blomstrande halvdelen og Mouseton som eit dystrare slumstrøk med høg kriminalitet.

    Duckburg som Metropolis, Mouseton som Gotham City? :-)

    Uansett så vil Svarte Petter som ordførar nok gjere alt han kan for å halde Mikke unna ei slik stilling - faktisk lyder vel Olsen som Petters draumepolitisjef så lenge han ikkje får satt inn Pønski eller Skaftetrynet... (Som forøvrig nok ville fått tilsvarende geniale posisjonar... tenk Pønski som høgsterettsdommar, Advokat Lur som leiande aktor (kva no enn det heiter) og Skaftetrynet eller Minken som fengselsdirektør...)

    Hm ... Med Svarte-Petter som ordførar er det forresten ein betre tanke om Fiks //ikkje// pensjonerer seg, men heller "forsvinner sporlaust i ei ulykke" ... :-)

    Og om ikkje - Gråstein vil neppe la pengane gå til kven som helst, og i alle fall ikkje til ein stat (sjølv om det kunne åpna for tøffe scenario). Om han ikkje får ein arving, vil han nok adoptere. Kven kunne vore aktuelle? Ørnulf Ørn, kanskje? Berre eit innfall.

    Meiner du testamentere, eller meinte du oppriktig og seriøst adoptere? :-)

  • edited November -1

    Adamant skreiv:

    Hm, får vel komme med mine egne teorier jeg også...

    Donald og guttenes ser jeg to mulige fremtider til. Den jeg heller mest til, er at Skrue blir drept i en ulykke uten å ha skrevet testament, og Donald overtar størsteparten av formuen.

    Skrue drept i ulukke (eventuelt Gråstein-arrangert "ulukke"... (eller kanskje Rikerud endeleg dett over det moralske stuped og får gamlingen drept..? Faktisk meir interedssant scenario enn Gråstein, ettersom eit Gråstein-arrangert drap ikkje er særleg far-fetched i forhald til korleis karakteren er no, medan det for Rikerud ville vore eit vendepunkt for heile karakteren hans)) er greit nok (sjølv om eg meinar det er ein lite verdig bortgang for min elskede favorittkarakter), men at han ikkje skulle ha skreve testament er mildt sagt urealistisk. Om nokon har skreve testament for alle tilfelles skuld er det Skrue. Han er altfor glad i pengane sine til å ikkje gjere det.

    Han oppløser McDuck-konsernet, og lever et liv i luksus på dagtid, mens han fortsetter som Fantonald på kveldstid. Han bruker store summer på å finansiere Fantonald-utstyr, med Petter som utvikler. Petter blir ansatt som hovmester (eller noe lignende) av Donald, og går ikke lenger på glemmedrops. (Jada, masse Batman-paralleller her, jeg vet det). Donald finansierer dyre, internasjonale utdannelser for guttene, og hjelper dem så med penger til å starte egne, individuelle bedrifter.

    Hehehehe, joda, dette er mogeleg - men ikkje ved at han arvar per default, nektar som sagt å tru at Skrue ikkje har eit testament klart. Men meget mogeleg at Skrue med sine langtrekkende resurssar har oppdaga Donalds hemmelege identitet før han går bort, og kan ha testamentert ein rikeleg sum og klargjort ein base for han - faktisk er vel det det einaste scenarioet eg kan sjå for meg der Skrue ville ha gitt nemneverdig mykje verdier til Donald.

    Alternativt skriver Skrue testament, hvor han gjør guttene til enearvinger, Donald setter dem inn i Fantonald-hemmeligheten, og guttene finansierer superhelt-livet hans. De oppløser ikke McDuck-konsernet, men deler det mellom seg.

    Deler det mellom seg, og ein av dei tar den daglege driften, ja. :)

    Magica lykkes i å stjele Skrues første mynt fra Donald eller guttene (evt. museet den havnet i), da disse er langt mindre besatt av å beskytte den mynten. Hun får smeltet amuletten sin, skaffer seg en enorm formue over noen få år, og havner relativt høyt på listen over verdens rikeste, som Italias (Europas?) rikeste person.

    for å følgje parallellene dine - dette lyder unekteleg som ein magi-orientert Doctor Doom for meg... berre med enorme pengemengder i staden for eigen nasjon.

    Gråstein blir verdens rikeste mann, uansett hva som skjedde med Skrues formuet. Sikkert bittert for Skrue hvis han fremdeles lever, men han var nok klar over at det ville skje dersom han trakk seg tilbake.

    Spørsmålet er kva som så ville ha skjedd vidare... Dersom Rikerud hoppar på anledninga når Skrue dør og profiterar voldsomt, kan det kanskje bli ein ny feide... men langt meir blodig, Rikerud og Gråstein brukar neppe like koselege metodar som Skrue. For ikkje å snakke om at dersom Magica skal nå sine mål fullt ut blir ho VERDAS rikaste, noko Gråstein ALDRI ville godtatt. Ser mange potensielle Evil Vs Evil-scenarioer for heltene til å rote seg borti her...

    Donald dropper Dolly komplett, og lever livets glade dager som playboy, uten å havne i noe seriøst forhold (nattlig jobb som superhelt lar seg ikke kombineres med forhold noe særlig).

    Batman-parallellen att? :-)

    Kladden lykkes endelig med å drepe Mikke i en av innretningene sine (evt. gjemmer en tidsinnstilt bombe i huset hans, eller noe sånt. Selv Kladden kan tenke praktisk fremfor stilig).

    I eit univers der vald er lov i "normal" grad så ville Kladden ha utrydda Mikke for lengst, spør du meg. Med andre ord ser eg det scenarioet som særs realistisk. Skjønt eg mistenker deg for å presentere dine ynskedrømmer for Disneyuniverset her, og ikkje dine faktiske teoriar... ;-)

    Med Mikke ute av veien, setter han i gang et storslått prosjekt for å overta verden, men blir drept i et oppgjør med Fantonald.

    Uff, der mista du meg... Kladden drept av Fantonald? *gyse* DET er nedtur, det... Eg trur heller eg likar Olafs idè om at ledd 1 lukkast, og han blir amerikansk president, og får ein situasjon Fantonald ikkje kan røre.

    Uten hverken Mikke eller Kladden, står Svarte-Petter fritt til å starte en enorm forbryterorganisasjon, og skaffer seg rikdom og makt, og blir, som noen andre nevnte tidligere, en "jeg har idiotsikre alibier, så selv om alle vet jeg er skyldig kan dere ikke røre meg"-person, med en erkefiende i Fantonald (Wee, Daredevil-paralleller også).

    Jepp, alt det der er eg 100% bak, bortsett frå at eg ser for meg eit gjensidig samarbeid (dog totalt blotta for tillit) mellom president Kladden og ordfører/forbryterkonge Svarte-Petter.

    Bestemor testamenterer gården til Stokkstein, den eneste i familien hun mener kan klare å drive den. Guffen fortsetter som gårdsgutt, da dette inngikk i Bestemors testamente.

    Den er god. :-)

    Olaf Solstrand skreiv:

    Ser ikkje for meg at Magica gifter seg oppover, faktisk. Eg trur at ho, som Skrue, har lyst til å føle at ho har slitt for det ho har oppnådd ... Og eg trur at ho er feministisk nok til å føle at den einaste riktige måten å oppnå rikdom på, er å klare å skaffe den sjølv i staden for å gifte seg til det ...

    Hm, eg trur ho ville ansett det som noko ho HADDE oppnådd, eg, særleg om ho hadde kapra nokon som ligg langt over henne på den magiske rangstigen. Men eg ser poenget ditt.

    trur at sånt er for kjedelig for ho. Nei, Magica er det meir sannsynleg at får born utanfor ekteskap, spør du meg. :-)

    Haha, ja, der sa du noko.
    FEIDEN OM MYNTEN
    DEL TO
    MAGICAS BASTARDHÆR ANGRIPER BINGEN

    Genial scene... dette får meg til å undrast på om Disney ville ha tjent på å gi ut ein alternativ serie der alle karakterane lever som... verkelege menneske. Dvs tabuområda er ikkje lengre tabuområde (utan at dei treng få særleg fokus av den grunn - ein treng ikkje ha sexscenar sjølv om ein åpnar for at henvisningar til sex er lov) og skurkane faktisk får drept folk og liknande...

    Det hadde iallfall blitt betre teikneseriar av det, men det hadde samtidig blitt seriar for ei heilt anna målgruppe enn den Disney har sikta seg inn mot ... så eg trur at det hadde ført til kraftige mediestormar og store boikottkampanjar om dei plutseleg begynte med sånt.

    Trist, egentleg...

    No har eg alltid problem med å sjå for meg den vanlege Donald som Fantonald (eg likar å sjå det som eit alternativt univers, ala Fantonald-bladet), men det lyder unekteleg smart...

    For ikkje å snakke om at eit Andeby med Svarte-Petter som ordførar verkeleg TRENGER ein superhelt på heiltid. :-)

    Jepp. Som Adamant sa, DareDevil-parallellen er stor. Men kanskje Super-Langbein kan trå til?

    Eg har forresten tenkt på at Mouseton og Duckburg ligg geografisk så nære kvarandre at dersom den eine (eller begge) veks og trivest og blir eit gigantmetropol kan dei vekse saman og bliein by i framtida... gjerne med Duckburg som den dominerande og blomstrande halvdelen og Mouseton som eit dystrare slumstrøk med høg kriminalitet.

    Duckburg som Metropolis, Mouseton som Gotham City? :-)

    Har ikkje tenkt på det slik, men joda, det er ei god samanlikning det, om du ser bort frå at eg hadde tenkt på det som ein stor by med to svært forskjellige disktrikt som var utvikla frå den gong det var to byar.

    Uansett så vil Svarte Petter som ordførar nok gjere alt han kan for å halde Mikke unna ei slik stilling - faktisk lyder vel Olsen som Petters draumepolitisjef så lenge han ikkje får satt inn Pønski eller Skaftetrynet... (Som forøvrig nok ville fått tilsvarende geniale posisjonar... tenk Pønski som høgsterettsdommar, Advokat Lur som leiande aktor (kva no enn det heiter) og Skaftetrynet eller Minken som fengselsdirektør...)

    Hm ... Med Svarte-Petter som ordførar er det forresten ein betre tanke om Fiks //ikkje// pensjonerer seg, men heller "forsvinner sporlaust i ei ulykke" ... :-)

    Hehehehehehehehehehehehehehehehe.

    Meg like.

    Og om ikkje - Gråstein vil neppe la pengane gå til kven som helst, og i alle fall ikkje til ein stat (sjølv om det kunne åpna for tøffe scenario). Om han ikkje får ein arving, vil han nok adoptere. Kven kunne vore aktuelle? Ørnulf Ørn, kanskje? Berre eit innfall.

    Meiner du testamentere, eller meinte du oppriktig og seriøst adoptere? :-)

    Meinte adoptere - Gråstein er ikkje typen til å overlevere pengane til nokon utan å fyrst forme personen i "sitt bilete", om du vil, og det ville foregått over lengre tid, så adopsjon ser eg som det rimelege resultatet. Men Ørnulf-forslaget var vel mest fleip - eg berre kom ikkje på nokon relativt intelligent slemming som kunne ta rollen utover han, Kladden (som Gråstein neppe ville gitt nokon form for makt) og Mikro-Midas... Han var det minst latterlege valget. Skjønt eg ser gjerne at folk hjelper meg med forslag her, Ørnulf er altså absolutt ikkje noko fyrstevalg. ;-)

  • edited November -1

    Adamant skreiv:

    Hm, får vel komme med mine egne teorier jeg også...

    For mye hummer og kanari her. Dessuten ser du bort fra allerede gitte fakts som at vi VET at Donald blir gift - etter alt å dømme med Dolly.

  • edited November -1

    Sigvald skreiv:

    Som eg påpeikte i mitt innlegg trur eg han spøkte litt i ein del av teoriane sine... men uansett så er det ingen grunn til at Donald i hans scenario som playboy ikkje kan bli gift (og så skilt) på eit tidspunkt, det vere seg med Dolly eller andre.

  • edited November -1

    Sigvald skreiv:

    Adamant skreiv:

    Hm, får vel komme med mine egne teorier jeg også...

    For mye hummer og kanari her. Dessuten ser du bort fra allerede gitte fakts som at vi VET at Donald blir gift - etter alt å dømme med Dolly.

    Hvor får du det fra?

  • edited November -1

    Wilfu skreiv:

    Hvor får du det fra?

    Han får det frå "Whatever happened to Scrooge?"-teikninga til Don Rosa. Sigvald har nemlig vald å sjå på den teikninga som canon og eit offisielt Disney-fact ... som det sjølvsagt er heilt umogleg å sjå bort frå i denne tanketråden ...

    Hehe. Var vel det jeg regnet med, måtte bare få det fastslått (at det var denne tegningen han fikk det fra). Vel, da vil jeg i alle fall bare si at dette er en persons tanker om fremtida, akkurat som alle andre har andre tanker...

Sign In or Register to comment.

Hei sveis! Ja, her ser du meg! Er du ikke glad for å treffe meg?

Det ser ut som om du er ny her. Om du vil kome i gong, trykk på ein av desse knappane!

Har du lest forumreglane?