Ønsker du å bli medlem på Kvakk.no? For å hindre spam i forumet krever vi nå at du har en invitasjonskode for å registrere deg som medlem. For å få tilsendt en invitasjonskode, send en e-post til olafmoriarty krøllalfa gmail punktum com eller krice krøllalfa kvakk punktum no, og vi vil invitere deg så raskt vi kan.

Olaf skriver manus!

145791022

Comments

  • edited November -1

    Klodrik ?

  • edited November -1

    Ikkje i nærheita eingong.

  • edited November -1

    MikroMidas skreiv:

    Klodrik?

    Jeg tror man skal være temmelig gammeldonaldist for å rangere Klodrik så meningsløst høyt. Sammenliknet med Donald, Skrue, Petter Smart, Ole, Dole og Doffen, osv. er Klodrik for en bifigur å regne. Dermed ikke sagt at Klodrik ikke er litt av en kultfigur som Lars Jensen har fått veldig mye bra ut av i sin klassiske TNT-serie.

  • edited November -1

    Har du høyrt noko om Scrooge vs. Scrooge og A Neighbor In Need, som jo er komne ut i andre land?

  • edited November -1

    Sigvald skreiv:

    Sammenliknet med Donald, Skrue, Petter Smart, Ole, Dole og Doffen, osv. er Klodrik for en bifigur å regne.

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    og andeuniversets kanskje aller beste bifigur.

    Liten grunn til å protestere på det som blir sagt, når argumentet du kommer med for å motbevise er nettopp det som ble sagt.

  • edited November -1

    Sigvald skreiv:

    MikroMidas skreiv:

    Klodrik?

    Jeg tror man skal være temmelig gammeldonaldist for å rangere Klodrik så meningsløst høyt. Sammenliknet med Donald, Skrue, Petter Smart, Ole, Dole og Doffen, osv. er Klodrik for en bifigur å regne. Dermed ikke sagt at Klodrik ikke er litt av en kultfigur som Lars Jensen har fått veldig mye bra ut av i sin klassiske TNT-serie.

    Men var det ikke bifigur som Olav nevnte og som Mikro Midas gjette på?

  • edited November -1

    Lille hjelper er jo hvertfall en kanon bifigur.

  • edited November -1

    Sigvald skreiv:

    MikroMidas skreiv:

    Klodrik?

    Jeg tror man skal være temmelig gammeldonaldist for å rangere Klodrik så meningsløst høyt. Sammenliknet med Donald, Skrue, Petter Smart, Ole, Dole og Doffen, osv. er Klodrik for en bifigur å regne. Dermed ikke sagt at Klodrik ikke er litt av en kultfigur som Lars Jensen har fått veldig mye bra ut av i sin klassiske TNT-serie.

    Kjære Sigvald. Kan du i det minste forsøke å lese innlegget du svarer på?

    Eirikb skreiv:

    Har du høyrt noko om Scrooge vs. Scrooge og A Neighbor In Need, som jo er komne ut i andre land?

    Scrooge vs. Scrooge ryktast å kome til sumaren, utan at eg har høyrd noko konkret nummer. Men det gjekk jo òg rykter om at same historie skulle kome ut like over nyttår, så eg ville ikkje ha haldt pusten akkurat. Det eg veit om begge historier er at dei er sendt ut av ECC for ei stund sidan og motteke av redaksjonen i Oslo (men det hadde du sannsynlegvis allereie gjetta uansett ...).

    Christer skreiv:

    Lille hjelper er jo hvertfall en kanon bifigur.

    Niks, tenkjer ikkje på han heller.

  • edited November -1

    Å bli tegnet av Ferioli må jo være noe av det største man kan oppleve. Bifiguren er for øvrig vår alles kjære Gulbrand Gråstein.

  • edited November -1

    Nnnnnei.

  • edited November -1

    Fisken skreiv:

    Å bli tegnet av Ferioli må jo være noe av det største man kan oppleve.

    Jeg vil tro at Scarpa var hakket over.

  • edited November -1

    Christer skreiv:

    Fisken skreiv:

    Å bli tegnet av Ferioli må jo være noe av det største man kan oppleve.

    Jeg vil tro at Scarpa var hakket over.

    Vil påstå at jeg skrev noe av det største :)

  • edited November -1

    Er det Magica vi snakker om?

  • edited November -1

    Ja, sjølvsagt. :-)

  • edited November -1

    Hehe ;-)

  • edited November -1

    Pssst. Ny historie i nr 14 som ankom Stord i dag! :-) Stjernenykker med Ole, Dole og Doffen.

  • edited November -1

    Leste den i går, og vil med dette gi historien en 4-er på terningen. Greit og klassisk plott, fint driv gjennom hele historien, men ikke den helt store wow!-opplevelsen.
    Flotte tegninger av Daniel forresten.

  • edited November -1

    Artig å se Daniel tegne ender, mer vant med å se ham i Mikke-historier.

  • edited November -1

    Jeg synes faktisk Daniels andehistorie ble bedre enn Mikke-historiene jeg har lest. Jeg synes musene hans blir litt for "anonyme" til at de blir særlig interessante.

  • edited November -1

    NB: HEILE DETTE INNLEGGET ER EIN APRILSPØK SOM PÅ INGEN MÅTE MÅ TAKAST SERIØST.

    Fekk i dag (eller, i går blir det vel ettersom vi har passert midnatt) vite meir frå redaksjonen om når neste historie etter den i DD14 og den i DD18 kjem på trykk. Dette er dog eit litt spesielt prosjekt, så eg må nesten dele litt om historia samtidig.

    For cirka tre år sidan fekk eg ein e-post frå Merete Skar, som på det tidspunktet var redaktør i Donald Duck & Co. Dette var i forkant av Skrue McDucks sekstiårsjubileum, og redaksjonen var på jakt etter gode idear til måtar dei kunne markere dette jubileet på. Ein ting dei umiddelbart tenkte på var å kanskje lage nokre nye Skrue-historier med teikningar av Arild Midthun spesielt for jubileet, og ettersom redaksjonen er glade i å få idear frå nordmenn, tok dei kontakt med meg om det.

    Eg grubla litt på dette, før eg skisserte eit konsept for dei som i veldig stor grad var basert på ein tråd i dette forumet.

    Eg snakkar sjølvsagt om denne tråden: «Andeby etter Skrue». Mitt forslag var å vise kor viktig Skrue er for verda han lever i ved å lage historier om eit samfunn der Skrue ikkje lenger eksisterer. Dette ville dog vera nøydt til å bli eit svært annleis konsept enn alt som lagast av historier i dag: Ei verd der Skrue er død vil sannsynlegvis òg tyde ei verd der Ole, Dole og Doffen har blitt vaksne, så dette ville bli historier frå den halvfjerne framtida til dagens Disney-figurar. Eg gav samtidig veldig klar melding om at eg følte at slike historier ville vera klart best dersom dei var langt mørkare enn alt som trykkast i dag: Eg trur eg den gongen brukte uttrykket «Mikke Krim møter The Dark Knight Returns». Og eg la overhovudet ikkje skjul på at dette var eit prosjekt eg hadde innmari lyst til å jobbe med.

    Det gjekk nokre dagar før eg fekk eit svar på dette. Redaksjonen hadde diskutert ideen min, og dei syntes at det verka veldig interessant, men at det var to små problem. Det eine var at dei følte at ideen var alt for mørk for Donald Duck & Co (og det er ikkje så veldig rart: Berre i råkonseptet eg presenterte for Merete på e-post hadde eg tatt livet av tre viktige Disney-figurar). Det andre var at dei følte at det ikkje ville passe seg å markere eit Skrue-jubileum med ei historie der Skrue døydde. Og eg kunne vel seie meg einig i begge desse to punkta: Det siste kunne lett løysast med å flytte på historia, det første var det litt verre med.

    Men: I 2009 byrja Serieforlaget å gi ut ein ny bladserie: Donald Duck Ekstra. Denne var marknadsført som å vera laga for vaksnare lesarar, og eg kunne ikkje dy meg. Eg måtte berre sende ein ny e-post til Merete og spørja om «Andeby etter Skrue» kunne vera aktuell for ein slik serie. Det tok mange veker før eg fekk eit endeleg svar -- men dei kom fram til at dei var villige til å gi det ein sjanse. Egmont Creative Center i Danmark brukte enno fleire månader på å gi sitt klarsignal til eit slikt prosjekt. Men dei ville etterkvart ha eit manus. Og så ville dei ha eitt til. Og så ville dei ha enno eitt. Og enno fleire.

    No verkar det som om dette, som Skrues liv, blir ei historie i tolv delar, og eg har som sagt akkurat fått vite at første kapittel, som er på 30 sider, blir trykka som ei fortsetjingshistorie i Donald Duck Ekstra 7-8/2010. Dette blir skikkeleg sommarlesning, med andre ord.

    Eg har levert manus til åtte kapittel så langt, og Arild Midthun har allereie teikna dei første tre kapitla. Det er usikkert om det blir han som skal teikna resten av serien òg, men det eg har sett av serien så langt er eg svært fornøgd med.

    Så no veit de det. Eg ville ikkje dele informasjon om dette prosjektet før eg faktisk visste at det kom til å kome på trykk, men ... no veit eg det altså.

    OG OM DU HAR KLART Å GLØYMA DET MINNER EG OM AT ALT DU NETTOPP HAR LEST BERRE VAR TULL.

Sign In or Register to comment.

Hei sveis! Ja, her ser du meg! Er du ikke glad for å treffe meg?

Det ser ut som om du er ny her. Om du vil kome i gong, trykk på ein av desse knappane!

Har du lest forumreglane?