Ønsker du å bli medlem på Kvakk.no? For å hindre spam i forumet krever vi nå at du har en invitasjonskode for å registrere deg som medlem. For å få tilsendt en invitasjonskode, send en e-post til olafmoriarty krøllalfa gmail punktum com eller krice krøllalfa kvakk punktum no, og vi vil invitere deg så raskt vi kan.

Olaf skriver manus!

1356722

Comments

  • edited November -1

    Lest siste Donald? På énsideren på side 66 er B-gjengen merkelig nok plassert i noe som ligner på en grisebinge. Det forklares ikke hvorfor, men min personlige teori er at det er du som har sendt dem dit. Etter at du lot dem være griser fant de ut at de likte seg så godt i grisebingen at de ble boende der på heltid... :-)

  • edited November -1

    Siste Donald har eg ikkje fått enno eingong. Burde verkeleg melde omadressering til Egmont snart.

  • LSLS
    edited November -1

    Da er disse igjen:
    (D/D 2003-051)"The quest of Ormen Lange" Ønsket tegner:Rodriques
    (D/D 2005-035)"Scrooge vs. Scrooge" Ønsket tegner:Arild Midthun
    (D/D 2006-009)"A neigbour I need" Ønsket tegner:Vicar

  • edited November -1

    Tommy skreiv:

    Lest siste Donald? På énsideren på side 66 er B-gjengen merkelig nok plassert i noe som ligner på en grisebinge. Det forklares ikke hvorfor, men min personlige teori er at det er du som har sendt dem dit. Etter at du lot dem være griser fant de ut at de likte seg så godt i grisebingen at de ble boende der på heltid... :-)

    Hm, det kan nå bare være at de er innenfor et gjerde da, men dette er en av de tingene jeg liker ved dette forumet: En får tips om detaljer som en selv kan ha oversett - interessant observasjon!

  • LSLS
    edited November -1

    Jeg var på I.N.D.U.C.K.S. i går,da fikk jeg sett noen korte trekk om hva historiene til Olaf handler om.Blant annet vil Donald,Skrue og guttene dra innom Norge igjen.Skrue vil miste hukomelsen....nei,nå røper jeg for mye!

  • edited November -1

    Det er utruleg sære ting ein finn ut når ein først byrjar å telle litt ...

    Gjekk opp for meg at eg no har skrive nok historier til å fylle ei Hall of Fame-bok. Det er noko som heldigvis aldri kjem til å skje, men reint mengdemessig føler eg at det er litt imponerande (sjølv om dei aller, aller fleste der ute sjølvsagt har skrive mange gonger meir enn meg).

    Finn òg ut at mine tretten første historier har ei høgare gjennomsnittslengde enn dei tretten første historiene til Don Rosa. Medan hans tretten første hadde ei gjennomsnittslengde på 11,54 sider, har mine tretten første ei gjennomsnittslengde på 11,77 sider. Gøy. Så har rettnok hans gjennomsnittslengdar gått kraftig opp etter det, noko mine ikkje kjem til å gjera, men gøy er det likevel.

    Og om nokon er interesserte i å vite det; etter eiget ønske har eg no fått lov til å byrja å skrive historier på assignments. Varierer nok frå serieskapar til serieskapar korvidt det er positivt eller negativt, trur til dømes Don Rosa hadde mistrivdes med å skrive på den måten, men i mine auge er det eit stort pluss. Forandringa er i klartekst at eg no ein gong i kvartalet får ein mail frå Egmont med informasjon om kor mange historier dei vil at eg skal levere dei neste tre månadane, når dei vil ha desse historiene ferdige, kor lange historiene skal vera og kven som skal ha hovudrolla i dei. Som sagt reknar eg det som ei kjempeforbetring, ikkje berre fordi eg då er ganske garantert at eg får ein viss produksjon og at redaktøren min faktisk har satt av tid til å lese gjennom denne produksjonen, og ikkje berre fordi eg personleg ser på deadlines som eit pluss som gjer at eg jobber meir effektivt, men òg fordi det gjer at historiene eg skriver er inkludert i den kvoten Egmont håper å få på trykk så snart som mogleg. Då øker sjansen vesentleg for at historiene etterkvart blir sendt til ein teiknar og deretter vidare til trykkpressene rundt om i det vide land. For augeblikket har eg assignments på cirka 60 sider i året, om nokon var interesserte i det. Å, var de ikkje det? Huff, synd. Eg sa det likevel.

    Tall er gøy, særleg når dei taler til min fordel!

  • edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    kven som skal ha hovudrolla i dei.

    Så blir dette bare andehistorier, eller kan du få beskjed om å skrive Mikke, Storeulv, Hiawatha eller.. andre figurer, dersom det ER flere Egmont bruker for tiden (er det?)?

  • edited November -1

    Til spørsmålet om korvidt det ER fleire Egmont bruker for tida, må eg vel berre tilstå at eg aner ikkje.

    Eg går ut frå at dersom dei plutseleg bestemmer seg for at dei vil ha meg til å skrive ei Mikke-eller-Storeulv-eller-Hiawatha-historie, ber dei meg om å gjera det. Korvidt dei kjem til å gjera det er ei anna sak, sannsynlegvis føler dei at det er andeseriane eg er tryggast på. Det hadde på ingen måte gjort noko for meg, men eg satser på at ECN veit kva dei driver med, noko som som regel ikkje slår feil. For å seie som dei sa i femogførr: Eg følgjer berre ordre, eg.

  • edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    For augeblikket har eg assignments på cirka 60 sider i året, om nokon var interesserte i det. Å, var de ikkje det? Huff, synd. Eg sa det likevel.

    Vil bare si at det er veldig hyggelig at du legger ut slik informasjon :-)

  • edited November -1

    Slik informasjon plager ikke meg heller :)

  • SvKSvK
    edited November -1

    Hørtes jo bra ut, dette.
    Så får vi bare å håpe at de faktisk klarer å gi ut historiene dine også.
    Det har du (og vi) ikke akkurat vært så veldig bortskjemt med, dessverre.

  • edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    Til spørsmålet om korvidt det ER fleire Egmont bruker for tida, må eg vel berre tilstå at eg aner ikkje.

    Eg går ut frå at dersom dei plutseleg bestemmer seg for at dei vil ha meg til å skrive ei Mikke-eller-Storeulv-eller-Hiawatha-historie, ber dei meg om å gjera det.

    I så fall kan du eventuelt bare si nei takk og vise til at du foretrekker å begrense deg til andeuniverset slik som Barks, Rosa, m.fl.

  • edited November -1

    Å bruke Carl Barks og Don Rosa som grunngivelse tror jeg ikke forlaget vil bli så veldig imponert over...

  • edited November -1

    SvK skreiv:

    Hørtes jo bra ut, dette.
    Så får vi bare å håpe at de faktisk klarer å gi ut historiene dine også.
    Det har du (og vi) ikke akkurat vært så veldig bortskjemt med, dessverre.

    Det får kome når det kjem. Vanskeleg å gi ut ting som ikkje er teikna.


    Sigvald skreiv:

    I så fall kan du eventuelt bare si nei takk og vise til at du foretrekker å begrense deg til andeuniverset slik som Barks, Rosa, m.fl.

    Det ville isåfall vera ei kolsvart løgn. Det er ikkje tilfelle i det heile tatt at eg foretrekker å begrense meg til andeuniverset. Mangfold er bra. Eg er open for å skrive litt av kvart, og eg HÅPER at eg får skrive minst eit par musehistorier etterkvart.

    Når det er sagt: Uansett ser eg ikkje kvifor eg skulle seie nei takk til noko sånt. Godt mogleg at dei koselege folka i Egmont hadde godtatt det, men eg ser likevel ingen grunn til at eg skulle nekte å gjera ting dersom dei bad meg om det. Personleg har eg den arbeidsmoralen at når arbeidsgivaren min ber meg om å gjera noko, så gjer eg det. Det absolutt minste eg kan gjera er å gjera så godt eg kan for å prøve, iallfall.

    Og som eg har sagt veldig mange gonger tidlegare -- Don Rosa og eg er ikkje samanliknbare storleikar. Ein ting er at han er vanvittig mykje meir populær enn meg og difor kan ta seg nokre fridomar her og der når han føler for det, men ein annan ting er at vi no jobber på vidt forskjellige måtar. Eg skriver på assignments, då blir eg bedt om å skrive dei historiene Egmont TRENGER for å fylle bladet (nei, eg meiner ikkje at eg skal fylle bladet aleine, det hadde tatt seg ut). Don Rosa leverer historier når han føler for det og har tid til det. Då har han heilt automatisk ei større fridom når det kjem til å levere nøyaktig kva han har lyst til enn det eg har. Og det eg ikkje kan få understreka nok, er at eg LIKER å jobbe på den måten. Eg har i mange år drømt om å få skrive på denne måten, og er veldig lykkeleg over at eg endelig gjer det. Don Rosa verker fornøgd med å skrive på den måten han gjer, og godt er det, men personleg føler eg at det er ein stor fordel at eg ein gong i kvartalet får ein e-post med instruksjonar om kva eg skal skrive dei næraste tre månadene, og når dette er nøydt til å vera ferdig.

    Og uansett: Eg har ikkje noko anna enn respekt for ECN, så når dei ber meg om å skrive noko, gjer eg det -- men ettersom det er blank løgn å hevde at eg vil foretrekke å aldri skrive noko anna enn andehistorier, vil ikkje det vera noko problem uansett.

  • edited November -1

    Beklager bumping og dobbeltposting, men eg går ut frå at eg får litt refs for dette om eg ikkje nevner det i forumet, og eg gidder ikkje å starte ein ny tråd for det.

    Lite intervju med meg i Bladet Tromsø i dag [26.08.08]. Side 22-23 pluss forside. Nettutgåve her. Ikkje kjempemykje nytt her, og som avisartiklar flest er det sjølvsagt ikkje alt som er riktig heller, men pytt. Det mest interessante for dei som måtte interessere seg for dårlege teikningar er kanskje at fotografiet viser deler av skissene til ei historie eg leverte i førre veke.

  • edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    Lite intervju med meg i Bladet Tromsø i dag [26.08.08]. Side 22-23 pluss forside. Nettutgåve her. Ikkje kjempemykje nytt her, og som avisartiklar flest er det sjølvsagt ikkje alt som er riktig heller, men pytt. Det mest interessante for dei som måtte interessere seg for dårlege teikningar er kanskje at fotografiet viser deler av skissene til ei historie eg leverte i førre veke.


    Avisa er selvsagt kjøpt :)

    Når skal du legge ut noen av skissene dine til salg på QXL (eller andre spekulante sider), slik at fansen kan få noe å ramme inn og henge på veggen?

  • edited November -1

    Guffen Delbekk skreiv:

    Når skal du legge ut noen av skissene dine til salg på QXL (eller andre spekulante sider), slik at fansen kan få noe å ramme inn og henge på veggen?

    Tviler på at Egmont ville setja særleg pris på det ... og ettersom eg faktisk har lyst til å beholde denne jobben, må nok veggen din kome i andre rekke. :-)

  • edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    T For å seie som dei sa i femogførr: Eg følgjer berre ordre, eg.

    De sa det vel helst etter femogførr, og sier det fremdeles ;-)

  • edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    Nettutgåve her

    Jeg vil ikke kalle det der en "nettutgave". Det er snarere en elektronisk utgave. Etter mitt skjønn er en "nettutgave" en gratis utgave som er tilgjengelig på nettet. For ordens skyld - jeg har ikke gått til anskaffelse av denne artikkelen.


    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    Tviler på at Egmont ville setja særleg pris på det ... og ettersom eg faktisk har lyst til å beholde denne jobben, må nok veggen din kome i andre rekke. :-)

    Don Rosa, William van Horn og andre selger da orignal-materiale. Det samme gjorde Carl Barks. Jeg har derfor litt vanskelig for å tro at Egmont kan nekte deg det.

  • edited November -1

    Sigvald skreiv:

    Jeg vil ikke kalle det der en "nettutgave". Det er snarere en elektronisk utgave. Etter mitt skjønn er en "nettutgave" en gratis utgave som er tilgjengelig på nettet.

    Det får vera ditt skjønn. Etter mitt skjønn er ein «nettutgave» ei utgåve som er tilgjengeleg på nettet, uavhengig av korvidt den er gratis eller ikkje.

    Don Rosa, William van Horn og andre selger da orignal-materiale. Det samme gjorde Carl Barks. Jeg har derfor litt vanskelig for å tro at Egmont kan nekte deg det.

    Det eg har fått høyre (av andre serieskaparar, ikkje direkte frå Egmont) er at i utgangspunktet er dette strengt forbudt (noko eg ikkje har problemer med å forstå i det heile tatt -- det er tross alt snakk om eit produkt ein har solgt til ein kunde som i tillegg benytter seg av figurar det er denne kunden som sit på rettigheitane til). Sjølvsagt finst det ekstreme tilfelle av serieskaparar som faktisk får lov til dette ... men då er det snakk om ekstremt gode serieskaparar. Eg er fornøgd med mine eigne manus, men eg er på ingen måte på Rosas eller Van Horns nivå, og eg ser på det som ganske urealistisk at eg nokon gong kjem til å bli det. Don Rosa og William Van Horn er to av dei aller beste og dyktigaste serieskaparane som har laga Disney-teikneseriar det siste tiåret, og sjølvsagt fører det med seg nokre fordelar, som at dei får lov til slike ting. Men det betyr ikkje at alt slikt gjelder for oss andre òg. Det blir akkurat som at Don Rosa garantert fekk ganske mange fleire kroner pr side enn eg får.

Sign In or Register to comment.

Hei sveis! Ja, her ser du meg! Er du ikke glad for å treffe meg?

Det ser ut som om du er ny her. Om du vil kome i gong, trykk på ein av desse knappane!

Har du lest forumreglane?