Ønsker du å bli medlem på Kvakk.no? For å hindre spam i forumet krever vi nå at du har en invitasjonskode for å registrere deg som medlem. For å få tilsendt en invitasjonskode, send en e-post til olafmoriarty krøllalfa gmail punktum com eller krice krøllalfa kvakk punktum no, og vi vil invitere deg så raskt vi kan.

Olaf skriver manus!

2456722

Comments

  • edited November -1

    Men du har sikkert skrevet et manus som for tida er til "vurdering", right?

  • edited November -1

    Manuset til den tredje historia mi var ferdig i 2002, eg veit at den var ferdigteikna for to år sidan, og eg har to ferdige manus **til** inne i systemet. Og ja, eg har nokre greier som er under arbeid no i tillegg.

  • edited November -1

    Olaf Solstrand skreiv:

    Manuset til den tredje historia mi var ferdig i 2002, eg veit at den var ferdigteikna for to år sidan

    Tør man spørre hvem som tegnet den? Med tanke på at en av dine tidligere historier ble tegnet av selveste Romano Scarpa (for en ære!), kan man jo bare fantasere om hvem som måtte bli neste mann/kvinne ut...

  • edited November -1

    Det var brasilianske Luiz Podavin. Historia etter det skulle såvidt eg forstår bli teikna av Rodriques. Men det er ikkje lett å seie om den prosessen er ferdig eller ikkje (rett og slett fordi eg ikkje veit det).

  • edited November -1

    Er det vanskelig å komme på ideer til Donald-historie?? :)

  • edited November -1

    Tja ... det er ein heilt vanleg kreativ prosess, så kor vanskeleg det er, varierer vel frå person til person.

  • edited November -1

    Når kom den første Donald-historien du skrev?? 2003?

  • edited November -1

    Ja, i nummer 26.

  • edited November -1

    Hvilken historie liker du best av de du har lagd??
    Og hvor lang tid bruker du på å skrive et manus??
    :)

  • edited November -1

    Jeg vil også prøve meg:) Kan du si hvordan jeg skal gå fram? Hva jeg må forholde meg til etc?

  • edited November -1

    For å følgja opp Guffens trend med å trekkja fram gamle trådar, byrja eg å lese denne tråden på nytt no, og la merke til at eg ikkje hadde svart på siste spørsmål. Då må eg vel nesten gjera det, då :-)

    (edit: grunna ein bug var det DonaldDucks innlegg som såg ut til å vera siste innlegg i tråden då eg svarte. Pockets innlegg såg eg ikkje, så det får eg heller svare på seinare når eg har betre tid, men det må vera nokon som kan gi betre svar på det enn meg.)

    DonaldDuck skreiv:

    Hvilken historie liker du best av de du har lagd??

    Hm, sånt er alltid umogleg å bestemme seg for, men om eg må velja, trur eg at eg svarer «Scrooge vs. Scrooge», ei historie med historiekoden D/D 2005-035 som eg leverte manus til for cirka eit år sidan. Kanskje litt juks ettersom den ikkje var laga enno då du stilte spørsmålet, men ... :-) Det er ei 17-siders framhaldshistorie som svært kort oppsummert handler om at Skrue bestemmer seg for å lage dataspel av livshistoria si, og så bestemmer dataspeleksperten Donald seg for å utfordre Skrue til ein runde med two-player. Høyrast sikkert tamt ut, men ... tja, eg likte den veldig godt. Sjølvsagt er det mogleg at eg tenker heilt annleis når den eg har sett den teikna og sånt, men eg føler at den historia hadde ei slags spesiell stemning eg blei veldig fornøgd med. Fekk bryte ned og sjå nærare på byggesteinane i korleis Skrue har blitt så rik som han har blitt, fekk strø om meg med Barks/Rosa-referanser, noko som alltid er gøy ... og heck, eg fekk lov til å skrive ei historie som i hovudsak handla om dataspel jo, berre det trekker voldsomt opp.

    Og hvor lang tid bruker du på å skrive et manus??

    Meiner du *inkludert* dei tre månadane eg bruker på finne meg godt til rette i stolen før eg legger fingrane på tastaturet? :-)

    Eg jobber sakte. Eg jobber alt for sakte, og eg veit det. Eg prøver å gjera noko med det. For å seie det sånn: Sidan denne tråden blei starta, har eg skrive fire historier. Alle fire er levert i løpet av dei siste tolv månadane. Så i snitt for tida er det vel tre-fire månader, men eg jobber intenst for å senke det talet no.

    Beklager seint svar.

  • edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    Det var brasilianske Luiz Podavin. Historia etter det skulle såvidt eg forstår bli teikna av Rodriques. Men det er ikkje lett å seie om den prosessen er ferdig eller ikkje (rett og slett fordi eg ikkje veit det).

    Kan du ikke begrense deg til et samarbeuid med vår egen Arild Midthun? Det vil gi din produksjon et mer enhetlig preg a'la Barks, Rosa, Scarpa, Van Horn, Vicar, Gottfredson, Murry, o.l. En som i betydelig grad satser på dette konseptet er Lars Jensen som samarbeider bra med sin egen landsmann Flemming Andersen :-)

  • edited November -1

    Sigvald skreiv:

    Kan du ikke begrense deg til et samarbeuid med vår egen Arild Midthun?

    Nei, det kan eg ikkje.

    For det første: Eg samarbeider ikkje med teiknarar. Eg samarbeider med ECN, som igjen samarbeider med teiknarar. Eg har ingen direkte kontakt med teiknarane i det heile tatt.

    For det andre: Det er ikkje eg som bestemmer kven som teiknar historiene mine, og det er eit område der eg ikkje har særleg mykje å seie heller. Både fordi eg eigentleg ikkje er kvalifisert til å uttale meg om kven dei beste teiknarane er, og fordi eg ser for meg at det må verke vanvittig arrogant dersom eg som forfattar byrjar å diktere forlaget etter kven eg vil at skal teikna meg.

    For det tredje: Det har ei rekke fordelar at ein forfatters historier fordelast over fleire teiknarar. Ein fordel er sjølvsagt at det går raskare, då ein kan velja ein teiknar som ikkje er opptatt med eit anna prosjekt for augeblikket -- men det er no òg slik at ulike historier kanskje kler ulike teiknestilar best. Kanskje ein serieskapar kan skrive ei historie som ser ypperleg ut i Vicars strek og ei anna historie som vil sjå tusen ganger betre ut i Rodriques' strek? Sjølv synest eg at dette er den beste måten å gjera ting på (sjølv om eg sjølvsagt har ingenting med utøvinga av det å gjera), fordi ein då i staden for å blåse opp forfattarane kan gjera det som er best for kvar enkelt historie.

    For det fjerde: Det var her snakk om ei historie eg skreiv hausten 2002. Altså eitt og eit halvt år før Arild blei Donald-teiknar.

    Det vil gi din produksjon et mer enhetlig preg a'la Barks, Rosa, Scarpa, Van Horn, Vicar, Gottfredson, Murry, o.l.

    ... som alle er teiknarar. Eg er manusforfatter. Sjølvsagt vil ikkje mine historier ha like einheitleg teiknestil som dei som har felles teiknar! Men dei har ein relativt einheitleg forfattarstil, såklart. Men kvifor strebe etter einheit uansett? Salige er dei som klarer å skrive i eit *mangfald* av stilartar! Kva er vitsen i å strebe etter at alt skal sjå likt ut heile tida?

    En som i betydelig grad satser på dette konseptet er Lars Jensen som samarbeider bra med sin egen landsmann Flemming Andersen :-)

    Øh ... Lars Jensen? Han er vel heller eit døme på ein forfattar som leverer eit breidt MANGFOLD av seriar til EI REKKE teiknarar?

    Litt inducks-bruk:

    (edit: Følgjande avsnitt oppdatert etter å ha blitt gjort merksam på at ei historie ikkje var fullstendig lagt inn i Inducks)
    I 2006 hadde Lars 16 historier på trykk. Tre av Santanach, to av Manrique, to av Vicar, to av Rodriques, ei av Colomer, ei av Massaroli, ei av Marga Querol Manzano, ei av Millet, ei av Maximino og ei av Ferioli ... og berre ei av Flemming Andersen òg. Ei historie av seksten, altså -- rettnok den lengste av dei, men likevel, 36 av 178 sider er berre ein femdel av totalt sidetal.

    I 2005 hadde han ti historier på trykk. Tre av Manrique, to av Vicar, ei av Santanach, ei av Jesper Lund Madsen, ei av Daniel Pérez, ei av Ferioli, og ei av Flemming Andersen. Òg her var sistnevnte lengst, men likevel berre 30 % (30 av 101 sider) av Lars' utgitte produksjon det året.

    I 2004: Seks historier, 82 sider. Fire teiknarar. Flemming Andersen har teikna ei av desse historiene, under 40 % av det totale sidetalet.

    Korleis kan du då seie at Lars i betydeleg grad satser på å få historiene sine teikna av same person?

    Det er forsåvidt ikkje Lars som satser på dette heller -- som meg har han ingenting med tildeling av teiknarar å gjera.

  • edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    Eg ser for meg at det må verke vanvittig arrogant dersom eg som forfattar byrjar å diktere forlaget etter kven eg vil at skal teikna meg.

    Nja, Carl Barks fikk da bestemme hvem som skulle tegne "Horsing Around with History" :-)

  • edited November -1

    Og eg og Barks er samanliknbare verdiar, meiner du? Uansett er det forskjell på å få bestemme og på å be om ting sjølv.

  • edited November -1

    Det er en ting jeg har lurt på.... hvor mye tjener du hvis historien din kommer på trykk i Donald??? tjener du like mye som den som tegnet historien din??

  • edited November -1

    Om det er av interesse: Så mange som tre av mine historier har no blitt sendt til Arild Midthun for teikning. Den første, «Wand vs. Woodchucks» (D/D 2003-022: duell mellom Magicas siste kraftige tryllestav og Hakkespettboka), som eg skreiv våren 2003, var ferdigteikna i oktober. Den andre, «The Margarine Hotline» (D/D 2006-008: Donald opererer margarinfabrikkens hjelpetelefon), som eg leverte i fjor sommer, var ferdigteikna for eit par veker sidan, og den siste, «The Sell-out Santa» (D 2006-381: Julenissen byrjar å jobbe for Gulbrand Gråstein, Skrue må bevise at nissen er falsk), jobber Arild med akkurat no. Krysser fingrane for å få sjå ei av desse på trykk i løpet av året, men lover sjølvsagt ingenting.

    Så det driver Arild med, men kva gjer så eg? Eg jobber på spreng for å få levert ferdig manus til mi historie nummer 10 (!) og mi historie nummer 11 i løpet av denne veka.

    Grev Buk McJern skreiv:

    Det er en ting jeg har lurt på.... hvor mye tjener du hvis historien din kommer på trykk i Donald??? tjener du like mye som den som tegnet historien din??

    Det aner eg ikkje, ettersom eg ikkje veit kor godt dei får betalt. Eg har alltid gått ut frå at teiknaren er betre betalt enn manusforfattaren, men noko sikkert veit eg sjølvsagt ikkje.

  • LSLS
    edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    Om det er av interesse: Så mange som tre av mine historier har no blitt sendt til Arild Midthun for teikning. Den første, «Wand vs. Woodchucks» (D/D 2003-022: duell mellom Magicas siste kraftige tryllestav og Hakkespettboka), som eg skreiv våren 2003, var ferdigteikna i oktober. Den andre, «The Margarine Hotline» (D/D 2006-008: Donald opererer margarinfabrikkens hjelpetelefon), som eg leverte i fjor sommer, var ferdigteikna for eit par veker sidan, og den siste, «The Sell-out Santa» (D 2006-381: Julenissen byrjar å jobbe for Gulbrand Gråstein, Skrue må bevise at nissen er falsk), jobber Arild med akkurat no. Krysser fingrane for å få sjå ei av desse på trykk i løpet av året, men lover sjølvsagt ingenting.

    Så det driver Arild med, men kva gjer så eg? Eg jobber på spreng for å få levert ferdig manus til mi historie nummer 10 (!) og mi historie nummer 11 i løpet av denne veka.

    Grev Buk McJern skreiv:

    Det er en ting jeg har lurt på.... hvor mye tjener du hvis historien din kommer på trykk i Donald??? tjener du like mye som den som tegnet historien din??

    Det aner eg ikkje, ettersom eg ikkje veit kor godt dei får betalt. Eg har alltid gått ut frå at teiknaren er betre betalt enn manusforfattaren, men noko sikkert veit eg sjølvsagt ikkje.

    Det gleder jeg meg til!Men jeg anslår at "The Sell-out Santa"vil komme til til slutten av 2007.Men så får vi også flere historier Arild Midthun!Så alle Donaldister får en fin julegave!

  • edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    Krysser fingrane for å få sjå ei av desse på trykk i løpet av året, men lover sjølvsagt ingenting.

    Tips: få disse tre historiene utgitt samlet i et eget bilag til DD&Co. Mange historier av f.eks. Barks og Rosa er utgitt på den måten. ;-)

  • edited November -1

    Sigvald skreiv:

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    Krysser fingrane for å få sjå ei av desse på trykk i løpet av året, men lover sjølvsagt ingenting.

    Tips: få disse tre historiene utgitt samlet i et eget bilag til DD&Co. Mange historier av f.eks. Barks og Rosa er utgitt på den måten. ;-)

    Uhm ... Kven er det du snakker til her? Tviler sterkt på at dei som bestemmer sånt leser dette.

    Når det er sagt, liker eg ikkje ideen. Eg har ikkje hatt ei historie på trykk på to og eit halvt år. Om dei endelig byrjar å trykke historiene mine er det då ikkje noko poeng i å samle dei alle i EITT blad?

    Dessutan synest eg at bilag bør sparast til dei heilt spesielle historiene.

    Men, eg har jo ingenting å gjera med dette, så kva eg synest speler inga rolle. Likevel, det vil overraske meg stort om det blir bilag av dette, og eg håper vi slipper det.

Sign In or Register to comment.

Hei sveis! Ja, her ser du meg! Er du ikke glad for å treffe meg?

Det ser ut som om du er ny her. Om du vil kome i gong, trykk på ein av desse knappane!

Har du lest forumreglane?