Ønsker du å bli medlem på Kvakk.no? For å hindre spam i forumet krever vi nå at du har en invitasjonskode for å registrere deg som medlem. For å få tilsendt en invitasjonskode, send en e-post til olafmoriarty krøllalfa gmail punktum com.

Hall of Fame

1828385878893

Comments

  • edited November -1

    Og videre:

    For å understreke det patriotiske, er alle historiene i boken skrevet av nordmenn: Olaf Solstrand, Terje Nordberg, Knut Nærum og Tormod Løkling.

    ;)

  • edited November -1

    Og Gunnar Staalesen (2 sider) og Arild Midthun (1 side).

  • edited November -1

    Eneste som er litt synd med at Egmont vil ha 100% norske Midthun bøker er at bortsett fra to historier i den første boka så har de komplett oversett de historiene der andre enn nordmenn stod for manuset.

    Jeg skulle gjerne sett disse samlet i HOF også, særlig siden jeg mangler to av dem i min samling. :)

  • edited November -1

    Boken kom til Stavanger i går. Forordet er skrevet av selveste Byron Erickson.

  • edited November -1

    Dei kjem sikkert. Det synast på meg som om dei prøver å tenkje litt tematisk når dei plukkar historiene. Samt at dei vil ha ut 1) dei norske forfattarane og 2) dei aller beste historiane (slik dei vurderer dei) først. Dei er jo nøydde til å passe på at sal og respons på kvar av desse bøkene "forsvarar" at dei er med i HoF-serien.

    Eg reknar med at neste års Midthun-bok vil innehalde årets tidsreise-quintologi og årets julealbum. Då kan det vere at dei vel eit "internasjonalt" tema der enkelte av desse historiene av utanlandske forfattarar passar naturleg inn.

    Uansett så trur eg nok at dei vil prøve å få publisert absolutt alt som Arild Midthun produserer eller har produsert av Disney-serier og -illustrasjoner etterkvart.

  • edited November -1

    Boka er no anmeldt på Serienett (med ein del interessante betraktningar rundt det norske producksjonsteamet av Knut Robert Knutsen).

  • edited November -1

    Meget gledelig at Taliaferro endelig får boka si. Utifrå tittelen på serien (HoF) burde boka strengt tatt dukka opp for lengst. No er det jo slik at Hall of Fame ikkje er Hall of Fame men snarare Hall of Det som selger mest.
    Dette er egentlig ikkje noko problem uansett sidan alt er i laussalg meget snart etter utgivelse. Altså er det lett å skaffe seg det som føles verdt å ha for kvar enkelt person.
    Slik blir heile greia til Hall of Mykje artig i hardcover. Gledelig :)
    Elles skulle eg gjerne sett ei Korhonen-bok.

  • edited November -1

    Korhonen burde, i likhet med Taliaferro, ha blitt gitt ut for lenge siden, istedet for bok 2 og 3 av enkelte serieskapere. Og så burde det vært mer av de italienske, f.eks. Massimo DeVita og Luciano Gatto.

    Men tittelen "Hall of mykje artig i hardcover" likte jeg! :-D

  • edited November -1

    Takker :)
    Massimo De Vita er eg heilt klart med på. Donald Pocket 84 - Mikke og Langbein på mirakeltur er min favorittpocket og der er 3/4 historier De Vita.
    Gatto har eg sikkert sett her eller der ein eller fleire gongar, men han høyrer ikkje til serieskaparane eg har nok kjennskap til å koble med historier. Så der må eg nok forske litt før eg gjer meg opp ei meining.

  • edited November -1

    Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

    Boka er no anmeldt på Serienett (med ein del interessante betraktningar rundt det norske producksjonsteamet av Knut Robert Knutsen).

    Enig i det siste. Det jeg stusser på er at Knutsen ikke kommer inn på Nordbergs kontroversielle Barks-kommentar.

  • edited November -1

    Eg kjem ikkje inn på Nordbergs "kontroversielle" Barks-kommentar om Andebys plassering fordi den ikkje er kontroversiell og heller ikkje relevant for målgruppa til anmeldinga.

    Påstanden kan kanskje berre vere ein av fleire tolkingar, men den stiger ikkje til nivået av å vere del av ein "Kontrovers".

    Og sjølv om det kan vere eit interessant Donaldistisk punkt å diskutere på Andebyonline, så vil dei fleste her allereie ha denne boka. Anmeldinga er mellom anna for dei som enno ikkje har kjøpt den.

    Utanom å presentere boka der, ynskte eg å seie noko om den norske Donald -produksjonen som forholdt seg til tidlegare kritikk eg hadde gitt av av manus-sida på norsk Donald i anmeldingar på Serienett.

    Det å peike på at delar av min tidlegare kritikk kunne skuldast at eg heldt historiane opp mot ein Italiensk modell istadenfor å evaluere dei som ein særeigen norsk modell syntes eg var meir relevant enn å diskutere plasseringa av Andeby som om der var nokon stor kontrovers der. Eg trur dei fleste er klar over at Andeby flyttar litt rundt etter behov, uansett kva Nordberg seier. Og å kome inn på slikt kunne underminere det eg meinte var eit seriøst argument.

    Eg er ikkje den einaste, utifrå det eg har erfart, som er litt skeptisk til manusarbeidet på dei norsk-produserte Donald-historiane. No vil eg ikkje seie at eg er heilt nøgd med dei alltid, men eg merka, medan eg las boka, at delar av mi oppfatning av historiene ikkje var basert på historiene sjølve, men mine eigne forventningar, som igjen var basert på ein preferanse for Barks og Italienske Donald-teiknarar og forfattarar.

    Spørsmålet då om kanskje andre "eldre" lesarar som har lese mykje slik Donald er skeptiske til "norsk" Donald basert på "Aksent" og ikkje kvalitet synast eg var interessant nok til at eg ikkje ville blande inn andre ting.

    Eg har ikkje lagt skjul på at eg teiknemessig synast Midthun er ein klar 6-er. Tidlegare har eg vurdert manussida til kanskje ein lite entusiastisk 2-3. Etter ei revurdering utifrå "Norsk Modell" så kanskje det er ein solid og lovande 4-er (på ein skala der Barks er 6). Eg syntes uansett at det var korrekt av meg som anmeldar å påpeike mogelege manglar og fordommar i min tidlegare kritikk.

    Eg prøver å unngå terningkast her, fordi eg ikkje likar det som ein del av anmeldingar, men det er dette generelle poenget som var viktig for meg. Ikkje korvidt Barks sa det Nordberg meiner han sa om Andebys plassering.

  • edited November -1

    Jeg har foreslått temaet skattejakt i HoF Carl Barks bok 8 for Egmont. Forslaget skulle vidresendes til Donald produktsvarlig. :-D

  • edited November -1

    Jeg ville heller foreslått at det ikke kom flere Carl Barks-bøker, men det er min personlige mening.

  • edited November -1

    En mening du ikke er alene om, Tommy.

  • edited November -1

    Økonomisk er det ikkje vanskeleg å forstå, Barks og Rosa sel vel alltid.

    Men det er skuffande at ein på 44 bind berre har klart å presentere 20 "Hall of Fame" serieskaparar. Nokon av dei må til og med dele ei bok. Når ein samstundes veit at der er minst dobbelt så mange gode Disney-talent med lang fartstid som ikkje har blitt gitt ein sjanse så er det lett for at ein byrjer å nærme seg bristepunktet.

    Eg skulle så gjerne ha sagt opp abonnementet mitt og sagt at frå no av så kjøper eg berre dei binda som faktisk lever opp til namnet "Hall of Fame" og kjem med nye presentasjonar.

    Men viss vi alle gjer det og serien går under, så er sjølvsagt "lærdommen" Egmont trekkjer frå det at dei må gi ut enno ein Barks-serie eller Rosa-serie istaden.

    Det er vel slik med dei fleste bokklubbar. Ein prisar seg lukkeleg om ein er interessert i 50% av bøkene og tar det gode med det vonde. (No har eg sett pris på meir enn 50% av denne serien, men likevel så er det slitsamt):

  • edited November -1

    Forstår at noen ikke ønsker flere Barks bøker, men jeg ønsker noen flere.

  • edited November -1

    Tommy, Chrisron og Knut Robert, dere begynner å høres litt elitistiske ut. Litt som dem som tidvis har argumentert for at Egmont burde stanset DD&Co de komplette årgangene etter 1967-årgangen eller tidligere - selv om mange andre som begynte å samle senere eller som ikke har prioritert å kjøpe gamle årganger ønsker serien videreført for å komplettere egen samling. Min eldste årgang i bladform er 1970-årgangen. Selv er jeg derfor svært positiv til at Egmont nå er i gang med å utgi 1969-årgangen.

    Jeg synes at vi som er så heldige å ha Barks-serier i bøtter og spann i serier som CBSV, Gullbøkene og Beste Historier om/fra DD&Co bør være rause nok til å unne unge samler som Mikkel Hagen noen flere Barks-bøker i HOF-serien. For min egen del er det andre bind i HOF-serien jeg ville savnet langt mindre enn Barks-bindene - f.eks. den kommende boken om Al Taliaferro.

    Jeg er ellers enig med Knut Robert i at det dessverre er mange solide tegnere som stadig mangler i serien - eksempelvis:
    - Josep Tello Gonzalez.
    - Jan Gulbransson.
    - Kari Korhonen.

  • edited November -1

    Eg har ingen problem med de komplette årgangane, utover at eg ikkje ser poenget med dei.

    Når det gjelder "eiltistisk"? Den trur eg du berre slengjer ut av deg på måfå.

    Hall of Fame vart tildels seld til oss som ein serie som ville profilere dei "store" Disney-serieskaparane som er kjende for oss kun frå historiene dei har laga. Litt meir informasjon og diverse småsnacks. Dette gjelder for ein del av bøkene. Men ganske mange er ikkje dette.

    Det er ingen av oss som seier at Barks og Rosa er "undermåls" eller ikkje skjøner at unge lesarar ikkje har fått med seg alt av Barks. Problemet er vel at serien ikkje vart marknadsført som "smaksprøver for nye lesarar". Det er det laussalsbladene er til. Og alle dei samlebøkene og -seriane med Barks og Rosa som allereie finnast.

    Om vi ynskjer det produktet vi trudde vi vart seld, og som faktisk ville innehalde bra serier slik at unge lesarar heller ikkje ville ha blitt snytt for noko, så er det ikkje "elitistisk".

    Å ynskje at ein serie som er meint å feire mangfaldet av store Disney serieskaparar faktisk viser mangfaldet istadenfor å konsentrere på 2 A-listere og 5-6 B-listere (dei som har fått 2-3 bøker kvar så langt og sikkert fleire etterkvart) må vel medrespekt å melde karakteriserast som noko nær det motsette av å vere "elitistisk"?

  • edited November -1

    Poenget med de komplette årgangene er at folk skal få lese de gamle bladene igjenn og at nye lesere også skal få mulighet til det.

    Alle er ikke så heldige at de er i besittelse av CBSV.

  • edited November -1

    For min del har jeg ikke behov for flere HoF-bøker med Carl Barks, jeg har alt sammen i samlede verk. Men jeg har ingen problemer med at de som ikke har det ønsker seg flere av hans historier i HoF. Serien er tross alt ikke skreddersydd for oss som har CBSV, den er en selvstendig serie som står på egne ben. En bok med skattejakt som tema er i og for seg et godt forslag.

Sign In or Register to comment.

Hei sveis! Ja, her ser du meg! Er du ikke glad for å treffe meg?

Det ser ut som om du er ny her. Om du vil kome i gong, trykk på ein av desse knappane!

Har du lest forumreglane?