Kvakk.no arrangerer i år NM i Donald for femte gong.
Skribentarkiv: Olaf Moriarty Solstrand
Resultatliste adventskonkurransen 2013
Vinnaren av årets adventskonkurranse blei Mikkel, som klarte å svare rett på alle 48 spørsmåla. Vi gratulerer!
Glomgold kom på andreplass, medan Ruben og Lars Martin deler tredjeplassen. Alle fire vil få tilsendt overraskingar.
Vi tar kontakt med dykk alle ang. adresser vi skal sende premier til.
Toppliste, dei første 12 dagane av adventskalenderen
Navn |
Samla poeng |
Mikkel |
24 |
Lars Martin |
23 |
Glomgold |
22 |
Ruben |
21 |
Jens Ådne |
13 |
Vegar |
9 |
Chrisron |
6 |
Øystein |
5 |
Ragnhild |
5 |
William |
4 |
Runar |
3 |
Einar |
2 |
Audun Emil |
2 |
Nils Petter |
1 |
maritf |
0 |
Bli med på Kvakk.nos adventskalender!
Kor mykje kan du om Disney-teikneserianes geografi? Test dine donaldkunnskaper med nye geografinøtter kvar dag fram mot jul!
Kvar dag frå 1. til 24. desember legger vi ut to geografirelaterte Donald-spørsmål på desse sidene – eitt frå Barks, eitt frå Rosa. Du kan svare på eitt eller begge av desse spørsmåla, og sende dei inn for å vera med i tevlinga. Når advent er over, set vi oss ned og tel over kven som har flest riktige svar – og dei tre deltakarane med flest rette svar vinn kvar sin spennande overraskingspakke.
(Det einaste vi vil røpe om premiane foreløpig er at dei kjem til å vera både donaldrelaterte og utruleg fantastiske.)
Det einaste kravet vi stiller til deg som deltakar er at du har ei e-postadresse vi kan nå deg på dersom du vinner (og at du oppgir same e-postadresse kvar dag sånn at vi har ein måte å identifisere deg på). Bortsett frå det har alle som har lyst til det har sjølvsagt lov til å delta – vi vil gjera vårt beste for å tilstrebe ein snillare og meir familievennleg vanskelegheitsgrad enn det vi har pleidd å ha i Donald-NM. Dette skal vera eit avslappande underhaldningsinnslag i adventsstria, ikkje eit stressande meisterskap på liv og død som gjer at du tilbringer kvar einaste vakne time med nasen i ein donald-perm isolert frå familie, vener og julebakst. Det får vi ta eit anna år.
Lykke til – vi sjåast 1. desember!
Reglar for Kvakk.no-forumet
For å ha eit så godt forummiljø som mogleg, er vi nøydt til å setja nokre krav til brukarane våre. Gjentekne brot på desse reglane kan i verste konsekvens føre til utestenging frå forumet.
Donald Duck
Donald Duck har vore hovudpersonen i Donald-bladene sidan starten i 1948, og medan han framleis har nokre trekk frå teiknefilmdebuten i 1934, er det ei rekke faktorar og personar som har spelt inn for at han har blitt den han har blitt. Clarence Nash, Al Taliaferro, Disneys andeteam og til ein viss grad Jon Gisle – men mesteparten av æra tilhøyrer likevel ein hønsefarmar frå Oregon.